Fylkesmannen har stadfesta detaljregulering for Engebø

Fylkesmannen har 31.01.2020 stadfesta detaljregulering for Engebø i Sunnfjord kommune. Denne inneber meir detaljerte løysingar for området, som i tidlegare plan er sett av til mineralutvinning. Vi har i tillegg gjennomført lovlegkontroll av vedtaket, der vi kom til at vedtaket er lovleg.

Arealbruken avklart tidlegare

Reguleringsplan for utvinning av rutil i Engebøfjellet, vart vedteken av Askvoll og Naustdal kommunar i 2011, og stadfesta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2015. Kommunedelplan for Vevring vart vedteken av Naustdal kommunestyre 17.03.2016 og legg opp til same arealbruk som reguleringsplanen.

Detaljregulering for Engebø

Tidlegare Naustdal kommune vedtok 28.08.2019 detaljreguleringsplanen for Engebø. Denne planen er ei oppfølging av tidlegare reguleringsplan, og omfattar nokre planendringar og meir detaljerte løysingar for landområdet enn planen frå 2011. Planen legg til rette for gjennomføring, medan arealbruken i hovudsak er den same som før. Området for deponi i sjø er ikkje med i detaljreguleringa, og planen frå 2011 gjeld framleis der.

Reguleringsplanvedtaket vart klaga på av Arctic Mineral Resources AS, Naturvernforbundet og fleire grunneigarar.

Fylkesmannen har kome til at planen er utarbeidd i tråd med plan- og bygningslova sine krav til konsekvensutgreiing. Kommunen har gjort ei avveging av dei ulike interessene som vert råka av planen, og vi har kome til at kommunen har lagt vekt på saklege omsyn i si interesseveging og vurdering av arealbruken. Vi har kome til at kommunen har vurdert endringane tilstrekkeleg gjennom dei konsekvensvurderingar som er gjorde i saka og gjort ei forsvarleg vurdering av dei ulike interessene der det er interessekonflikt.

Fylkesmannen viser elles i vedtaket til at detaljreguleringsplanen gjeld avklaring av arealbruken, og ikkje tek stilling til kven som skal drive verksemd i planområdet. Vidare har vi kome til at kommunen har saklege omsyn for å setje av ei sone på 50 meter rundt fylkesvegen gjennom Engebøtunnelen, som fører til at gruvedrift i denne sona berre kan gjerast der det vert dokumentert å vere trygt.

Planen har vore gjennom ein demokratisk prosess, der sektormynde og råka partar har fått høve til å medverke i tråd med regelverket. Vi kan ikkje sjå at kommunen i planprosessen har brote sakshandsamingsreglane eller andre reglar i plan- og bygningslova. Vi har heller ikkje funne at kommunen har teke usaklege omsyn i vurderingane av arealbruken. Klagene har dermed ikkje ført fram, og vedtaket vart stadfesta.

Krav om lovlegkontroll

Fylkesmannen har òg handsama krav om lovlegkontroll av vedtaket, sett fram av fleire kommunestyrerepresentantar. Grunngjevinga for kravet var spørsmål om ugildskap for fleire medlemmer i kommunestyret. Fylkesmannen kom til at kommunestyremedlemmene ikkje var ugilde i saka, og til at vedtaket er lovleg.

Vedtaka for dei to omtalte sakene ligg òg ved artikkelen.