ROS-analyse

Kravet om ROS-analyse gjeld for alle planar for utbygging etter plan- og bygningslova. Viss planarbeidet kjem inn under KU-forskrifta, bør ROS-analysen inngå som ein del av konsekvensutgreiinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Risiko- og sårbarheitsanalyse 

For at kravet om ROS-analyse skal vere oppfylt, må det gjerast eit systematisk arbeid som gir oversikt over risiko og sårbarheit. Eventuelle funn og tilrådingar frå analysen må følgjeast opp og innarbeidast i planen.

Det er viktig at tema for ROS- analysen ikkje vert for avgrensa. Risiko og sårbarheit kan knyte seg til arealet slik det er frå naturen si side, som t.d. at det er utsett for flom, skred eller radonstråling. Det kan òg vere knytt til menneskeleg aktivitet og bruken av arealet, t.d. plassering av bygg, anlegg, sårbare objekt eller infrastruktur.

Klimaendringane er forventa å påverke framtidig risiko og sårbarheit, og ROS-analysen må difor vurdere konsekvensar av klimaendringane, som t.d. auka nedbørsmengder, havnivåstigning, kraftigare vind m.m. 

Det må gå tydeleg fram kven som har utført ROS-analysen, og kva kjelder som har vore brukte. Ei sjekkliste er eit godt utgangspunkt for å velje ut hendingar som må analyserast vidare. Vi understrekar likevel at ei sjekkliste åleine ikkje er å sjå på som ein ROS-analyse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.