Samfunnsdelen

Samfunnsdelen av kommuneplanen skal omhandle langsiktige utfordringar. Det vil m.a. sei  miljøutfordringar og utfordringar knytt til universell utforming, mål og strategiar for kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon, for sektorane og for utvalde målgrupper. Det er viktig med god kopling mellom samfunnsdelen, arealdelen og handlingsdelen.

Publisert 29.01.2019

Planprogram

Hovudformålet med planprogrammet er å avklare og konkretisere kva som skal handsamast i kommuneplanen. Vidare er det viktig å få avklart kva slags tema den aktuelle kommuneplanrevisjonen skal omfatte. Dette gjeld både lokalpolitisk, i forhold til sentrale styresmakter og allmenta. 

Revisjon av kommuneplanen, med dei krava som vert stilte til utgreiingar og analysar av samfunnsutviklinga, kan vere ein omfattande jobb. Det er difor svært viktig å bruke planprogrammet til å definere og avgrense kva som skal vere innhaldet i kommuneplanrevisjonen. Dette vil gjere det lettare for kommunen å klare å gjennomføre revisjonen utan alt for stor ressursbruk og innan rimeleg tid.

Planprogrammet skal vere realistisk og utgreiingane skal vere relevante for dei vurderingane som skal gjerast og dei avgjerdene som skal takast. Planprogrammet for samfunnsdelen skal avklare nødvendige utgreiingar for dei langsiktige arealbehova, miljøutfordringar, utfordringar knytt til universell utforming, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon, for sektorane og for utvalde målgrupper.

Samfunnsdelen

Samfunnsdelen av kommuneplanen er eit verkty for kommunen si heilskaplege planlegging. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen leggje vekt på viktige utfordringar knytt til samfunnsutviklinga og synleggjere dei strategiske vala kommunen tek.

Rettleiar om kommuneplanprosessen - samfunnsdelen - handlingsdelen

Samfunnsdelen skal m.a. vere eit viktig grunnlag for å gjere val og prioriteringar i arealdelen. Det er såleis viktig at det vert lagt opp til ei god kopling mellom samfunns­delen og arealdelen til kommuneplanen. Strategiane for utvikling og arealbruk i kommunen må komme tydeleg fram i samfunns­delen. T.d. bør behov for utbyggings­areal til ulike føremål dokumenterast og grunngjevast i samfunnsdelen slik at omfanget av ulike utbyggingsformål i arealdelen samsvarar med behovet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.