Rovviltnemnda i region 1 har konstituert seg

Rovviltnemnda har i møte 24.03.2020 valt Aleksander Øren Heen frå Årdal i Vestland fylke til leiar for dei neste fire åra. Nestleiar er Beate M. Johnsen frå Agder fylke.

Dei andre medlemane i nemnda er Trude Brosvik, Vestland fylke, Sigbjørn Framnes, Vestland fylke og Hanne Marte Vatnaland, Rogaland fylke.

Region 1

Region 1 omfattar fylka Vestland, Rogaland og den delen av Agder som tidlegare var Vest-Agder. Medlemane er oppnemnde av Klima- og miljødepartementet, etter forslag frå dei tre fylkestinga.

Rovviltnemnda sitt ansvar

Rovviltnemnda er eit statleg organ som skal utøve føringar frå Storting og Regjering i rovviltpolitikken, og er underlagd Klima- og miljødepartementet sin instruksjons- og organisasjonsmyndigheit. Rovviltnemnda har hovudansvaret for å iverksette tiltak i tråd med vedteken nasjonal rovviltpolitikk innanfor sin region.

Føringar

Nemnda skal arbeide innanfor rammene av Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika av 2004 og 2011, fleirtalsvedtaket om ulv av 2016, og den todelte målsettinga om å sikre både levedyktige bestandar av rovvilt og beitenæringa i Noreg. Eit viktig prinsipp i rovviltforvaltninga er soneforvaltninga, som inneber mellom anna at det skal førast ei tydeleg forvaltning som skil beitedyr og rovvilt i tid og rom.

Region 1 er prioritert for beitebruk

I region 1 er det ikkje bestandsmål for dei fire store rovdyra, og regionen er i sin heilheit prioritert for beitebruk. Fylkesmannen i Vestland er sekretariat for rovviltnemnda.