Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2020. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Vestland i denne perioden. 

Gaupejakt er definert som storviltjakt

Under kvotejakt på gaupe gjeld alle reglar som for anna jakt. Gaupe er definert som storvilt, og du må difor ha skyteprøve for storviltjegerar dersom du skal jakte gaupe med rifle. Det er også lov å jakte på gaupe med hagle.

Regelverk

Kvotejakta er omfatta av grunneigaren sin einerett til jakt og fangst, og du må difor ha grunneigar sitt løyve for å drive jakt. Aldersgrensa for jakta er 18 år.

Felling, eller forsøk på felling, skal straks meldast til Fylkesmannen på tlf. 48143095. Felt dyr skal visast til Statens Naturoppsyn for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Jegeren skal elles gi opplysningar om tidspunkt for fellinga og fellingsstad. Telefonnummeret til Statens Naturoppsyn er 48094364. Region 1 består av Agder (deler av Agder), Rogaland og Vestland fylke.

Klagen er ikkje teken til følgje

Rovviltnemnda sitt vedtak om kvotefri gaupejakt vart påklaga, og klagen er no avgjort av Klima- og miljødepartementet. Klagen vart ikkje teken til følgje.