Blir krykkjene i Måløy kråkemat igjen?

Krykkjer, til venstre to nyklekte ungar
Krykkjer, til venstre to nyklekte ungar

Mange av dei siste krykkjene i Sør-Noreg hekkar i ei fjellskjering i Måløy. Der er dei truga av kråke og ramn. Og av folk som matar fuglar...

Det har vore dårlege tider for sjøfuglane på Vestlandet i to tiår no, og ein av artene som har gått aller mest tilbake er krykkja, den lille måsen som tidlegare hekka tett i tett i store koloniar i bratte og utilgjengelege fuglefjell ytst på kysten. No er det berre små restar igjen av krykkjebestanden, og 100 av dei 160 krykkjepara som hekka i Noreg sør for Sunnmøre i fjor, heldt til i ei fjellskjering i Måløy.

Der flytta dei inn i 2018, etter at Statens vegvesen, Vågsøy/Kinn kommune, lokale næringsdrivande og Fylkesmannen begynte å legge planar for å få dei til å flytte vekk frå Måløybrua (som skulle pussast opp) og vekk frå fiskeindustri og anna lokalt næringsliv som hadde problem med krykkjeskit. I den nye hekkeplassen på Måløyna har det blitt lagt til rette med ekstra reirhyller for å få plass til så mange krykkjer som mogleg, og situasjonen såg lys ut i fjor sommar (les meir om dette her).

Men på slutten av hekkesesongen gjekk det dårleg. Ein ramnefamilie slo seg til i området, og plukka krykkjeungene ut av reira ein etter ein. Kråker kom også til, og prøvde seg på same vis der dei kom til. Vi veit ikkje kor mange krykkjeungar som kom på vengene i fjor, men det var nok ikkje mange. Kanskje tok ramn og kråke livet av rundt 150 krykkjeungar.

I år ser det heller ikkje lovande ut. Krykkjene er rett nok ikkje på plass i fjellhyllene enno, men det er like før – og vegvesenet sine folk som jobbar i området kan melde at det no er svært mange kråker på Måløyna. Ramnen er også innom. Grunnen er at det med regelmessige mellomrom gjennom vinteren ser ut til å ha blitt lagt ut brød til fuglane der ute, noko som har lokka til seg rikeleg med kråker. Dette vil bli eit stort problem for krykkjene når hekkesesongen tar til. Dersom fuglefóringa held fram utover våren slik at kråke og ramn held seg i området, er det små sjansar for at krykkjeegg og -ungar vil overleve.

Fóringa er sjølvsagt godt meint, men vi ber om at det ikkje blir lagt ut mat til fuglane på Måløyna!

Fuglebrettsesongen er stort sett over, og større mengder med brød og anna matavfall no sørgjer berre for å samle kråker frå eit stort omland. Dei vil halde seg i området, og kan såleis gjere stor skade også i år. Helst bør det vere fritt for "kråkemat" i heile Måløy.

 

 

Meir om krykkja

Krykkje

Krykkja er i dag raudlista som sterkt truga. Den store krykkjekolonien på øya  Runde på Sunnmøre som ein gong hadde 100 000 par står no bortimot tom, og  kolonien på Einevarden vest på Vågsøyna som hadde 2000 par krykkjer ved hundreårsskiftet, har stått tom i fleire år.

Årsaka er næringsmangel. Hovudgrunnen er nok det uregulerte overfisket av «industrifisk» fram til desse fiskebestandane kollapsa rundt hundreårsskiftet, noko som førte til store ringverknader i økosystema i havet – men aukande sjøtemperatur spelar truleg også inn. Viktige artar av dyreplankton vil ha kaldt vatn og trekkjer nordover, og fisken følgjer etter. Men sjøfuglane sine hekkeplassar kan ikkje flyttast, så der blir det matmangel. Berre nokre få sjøfuglar prøver seg på egglegging under slike tilhøve.

Ein koloni med bråkete krykkjer vil gjerne lokke til seg rovfuglar, og for kvar enkelt krykkje betyr dette at det er mindre sjanse for at akkurat du skal bli tatt, jo større kolonien er. Men i våre dagar er det ikkje næringsgrunnlag for mange krykkjer, og koloniane har blitt mindre og mindre. Til slutt har det blitt så få fuglar igjen at dei ikkje lenger kan «gøyme seg i mengda», og da går koloniane heilt i oppløysing. Dei siste krykkjene leitar da etter stader utan rovfuglar, for å hekke der. Slik har mange av dei enda opp nær busette område, der rovfuglar som ørn og falk sjeldan viser seg.

Men kråkefuglar let seg lokke til dersom matavfall er tilgjengeleg, og da kan det bli katastrofe for andre fugleartar i området.

 

Kontaktpersonar