Kartlegging av naturtypar i Vestland

Sommaren og hausten 2020 blir det på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Stord, Bømlo og Sveio kommunar.

Oppdraget

Fylkesmannen har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2020. Det er mellom anna lagt vekt på område der ein antar at det kan finnast truga eller sjeldne naturtypar, og område med stort utbyggingspress. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Fylkesmannen som grunnlag for å prioritere kva område som skal kartleggast i 2020.

Aktuelle kommunar har blitt informert om kartlegginga, og det er sendt ut SMS-varsel til grunneigarar.

Føremål

Føremålet med kartlegginga er å få betre og meir nøyaktig oversikt over område med verdifull natur, mellom anna til bruk i kommunen si arealplanlegging. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søkje om tilskot til tiltak for truga natur i kulturlandskapet.

Metode

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 109 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Dei fleste av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Delar av tre kommunar i Vestland skal kartleggast i 2020

  1. Stord kommune (rekartlegging):
    1. Søre Huglo
    2. Søre Stord
  2. Bømlo kommune:
    1. Området Mosterhamnområdet (rekartlegging)
    2. Området Kuleseid – Bømlahuk
  3. Sveio kommune: området Buavåg – Viksefjorden, vest for Tittelsnesvegen (Fv. 541) og Tjernagelvegen (Fv. 47)

Områda i Sveio og Bømlo sørvest blir kartlagt for førte gong etter NiN-systemet. Mosterhamnområdet og begge områda i Stord er kartlagt tidlegare (2017), men skal kartleggast på nytt etter revidert metodikk.

Ansvarlege for den praktiske kartlegginga i Vestland er Ecofact AS (Sveio kommune) og Miljøfaglig Utredning AS (Bømlo og Stord kommunar).

Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2021.

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes beitemark eller gammal slåttemark, vil det vere behov for ferdsel på innmarksareal. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, kan du ta kontakt med Fylkesmannen før kartlegginga startar opp.

Kartlegging i verneområde

Også eit utval verneområde blir kartlagt etter NiN-systemet i 2020:

  • Tingastad naturreservat, Sogndal kommune
  • Fimreiteåsen landskapsvernområde, Sogndal kommune
  • Rodeholene naturreservat, Sogndal kommune
  • Stedjeberget naturreservat, Sogndal kommune