Etablering av sandstrand krev løyve

Skal du legge ut sand for å vedlikehalde eller lage ei ny sandstrand, må du søke om løyve både frå Fylkesmannen og frå kommunen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.05.2020

Utfylling med sand i sjø og vassdrag kan skade det naturlege miljøet på staden. Under finn du informasjon om kva slags konsekvensar dette kan få for miljøet og korleis du skal gå fram om du ønskjer å etablere ei sandstrand. 

Korleis kan utfylling av sand påverke miljøet?

  • Når du legg ut sand i sjø eller vassdrag, endrar du den naturlege tilstanden til området. Dette kan påverke det biologiske mangfaldet på staden. For eksempel er mange gruntvassområde viktige oppvekstområde for fisk og smådyr og er difor viktige å bevare. Eksempel på slike område er ålegrasenger. Utfylling av sand kan øydelegge slike område. 
  • Sanden blir oftast tilført frå ein annan stad og kan difor innehalde framande artar som kan påverke eller ta over for naturleg plante- og dyreliv.
  • Sand som blir brukt til desse strendene kan vere veldig finkorna, noko som kan vere skadeleg for plantar og dyr. Partikkelspreiing frå sand til vatnet kan skje lenge etter at ein har lagt ut sanden.
  • Private sandstrender kan i tillegg verke privatiserande for ålmenta. Ei sandstrand kan gje inntrykk av at staden er privat sjølv om den skal vere open for alle.

Kva slags løyve treng du?

Det å legge ut sand kan altså få store konsekvensar, og det er difor viktig at konsekvensane blir vurdert av dei rette myndigheitene i kvar sak. Det er ikkje lov til å legge ut sand før du veit at du har alle nødvendige løyver. For å legge ut sand må du søke både kommunen og Fylkesmannen om løyve. Fylkesmannen er mynde og gjev løyver etter forureiningslova. Kommunen er mynde og gjev løyver etter plan- og bygningslova. 

Løyve etter plan og bygningslova

I tillegg til løyve etter forureinigslova frå Fylkesmannen, må kommunen gjere ei vurdering etter plan- og bygningslova. Denne lova forbyr "vesentlege inngrep" i 100-metersbeltet. Eit vesentleg terrenginngrep er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1. Utfylling av sand i strandsona kan vere eit slik vesentleg inngrep. Ta kontakt med planavdelinga i din kommune for meir hjelp til å søke etter plan- og bygningslova.

Løyve etter forureiningslova

Når du planlegg å etablere eller vedlikehalde ei sandstrand, skal Fylkesmannen vurdere om dette kan medføre nemneverdig forureining eller skade på miljøet. Det er den som vil legge ut sand som må kontakte Fylkesmannen med informasjon om det ein ønskjer å gjere. I kvar sak må det mellom annan avklarast om det i eller nær tiltaksområdet er registrerte trua artar og naturtypar, registrerte fiskeriinteresser, inntaksleidningar for vatn, kjende marine kulturminner mv. Du finn søknadsskjema på Fylkesmannen si nettside, lenke til høgre. Skjemaet heiter «Søknadsskjema for mudring, dumping og utfylling».

Anna

Om du skal etablere sandstrand i eit vassdrag må du i tillegg ha løyve etter lakse- og innlandsfiskloven.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.