Søknadsskjema for mudring, dumping og utfylling

Ved mudring/graving og disponering av massar og material i sjø og vassdrag må tiltakshavar på førehand avklare med Fylkesmannen om ønskt tiltak kan gjennomførast, og om tiltaket krev løyve etter forureiningsregelverket. Her finn du søknadsskjema for å sikre at alle nødvendige opplysningar vert omtalt.

Mudring/graving og disponering av massar og material i sjø og vassdrag er regulert av reglane i forureiningsforskrifta kapittel 22. Alle tiltak i vatn som er omfatta av forureiningsregelverket treng vurdering og ev. løyve frå Fylkesmannen eller Miljødirektoratet. 

Ta kontakt for å avklare krav til dokumentasjon i søknaden

Til høgre på sida finn du skjema til hjelp for å sikre at alle nødvendige opplysningar vert omtalt samla. Vi rår til at søkjar så tidleg som råd avklarar med oss omfang av dokumentasjon som må følgje med søknaden. Merk at ved mistanke om mudring/dumping i ureina sediment, må alltid tilstanden på botn vere godt dokumentert.

Rettleiar om handtering av sediment

I større sakar bør søkjar også nytte rettleiar M-350 Håndtering av sedimenter for utarbeiding av søknad og eigen vurdering av undersøkingar, prøvetakingar, overvaking og eigenkontroll. 

Innsending av søknad

Søknad med vedlegg skal sendast til Fylkesmannen på fmvlpost@fylkesmannen.no eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Sakshandsaming og gebyr

Varsel om sakshandsamingsgebyr. Det skal betalast gebyr til staten for behandling av søknader etter ureiningslova m/forskrifter. Storleiken på gebyret vert fastsett i eige vedtak etter reglane i kapittel 39 i ureiningsforskrifta. I kurante saker som må sendast på høyring, må ein rekne minst 6 - 8 veker sakshandsamingstid, i større saker normalt 4 – 6 månader.