Meldeskjema for skipsverft og andre anlegg for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Skipsverft og andre verksemder som driv mekanisk overflatebehandling, vedlikehald og reparasjon av metallkonstruksjonar skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Fylkesmannen. Meldinga skal sendast på standard skjema.

Forureining frå skipsverft og andre verksemder som driv mekanisk overflatebehandling, vedlikehald og reparasjon av metallkonstruksjonar er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 29

Skjemaet gjeld for anlegg som driv med høgtrykksspyling, blåsereinsing, metallisering og sprøytemaling/lakkering.

Meldeplikt for skipsverft og andre anlegg for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Fylkesmannen. På skjema til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, utsleppsavgrensande tiltak, disponering av oppsamla material og farleg avfall, utslepp til luft og støy.

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Fylkesmannen, med mindre Fylkesmannen avgjer noko anna.

Gjeld små og mellomstore verksemder

Skjemaet gjeld for små og mellomstore verksemder som driv med mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar inkludert skipsverft med faste installasjonar.

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Anlegg med kapasitet til å bruke over 150 kg/time eller over 200 tonn/år av innsatsstoff basert på organiske løysemiddel kan berre drive etter særskilt utsleppsløyve etter forureiningslova.

Fylkesmannen kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at også andre verksemder må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.