Meldeskjema for produksjon av pukk, grus, sand og singel

Produksjon av pukk, grus, sand og singel skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Fylkesmannen. Meldinga skal sendast på standard skjema.

Forureining frå produksjon av pukk, grus, sand og singel er regulert av forureiningsforskrifta kap. 30

Meldeplikt for knuseverk og siktestasjonar

Alle som startar, flyttar eller utvidar knuseverk eller siktestasjon skal i god tid før dei kan starte opp, sende skriftleg melding til Fylkesmannen. Meldeplikta gjeld også for mellombelse eller mobile anlegg. Som mellombels anlegg reknar ein anlegg på same staden som har produksjon som varer mindre enn eitt år.

På skjema til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, støvdemping, nedfallsstøv, utslepp til vatn og støy. 

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Fylkesmannen, med mindre Fylkesmannen avgjer noko anna.

Gjeld verksemder som har knuseverk eller siktestasjon

Skjemaet gjeld for verksemder som har knuseverk eller siktestasjon, og som vil produsere pukk, grus, sand eller singel. 

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Fylkesmannen kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.