Meldeskjema for kjemisk og elektrolytisk overflatebehandling

Verksemder som driv med kjemisk eller elektrolytisk overflatebehandling skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.

Publisert 11.01.2019

Forureining frå anlegg for kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 28

Forskrifta omfattar verksemder der følgjande prosesser vert nytta på ein metall- eller plastoverflate med metall:

  • forbehandling (rensing, avfetting, beising)
  • elektrolytisk eller kjemisk plettering
  • passivering/etterbehandling
  • «stripping»
  • fosfatering
  • pulverlakkering

Utslepp frå varmforsinkning er ikkje omfatta.

Meldeplikt for anlegg for kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling

Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren. På skjema til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, utslepp, målingar, lagring, sikring og merking. 

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, med mindre vi avgjer noko anna.

Gjeld verksemder av ein viss storleik

Skjemaet gjeld for verksemder som driv kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling som har ei avløpsvassmengd på under 100 kubikkmeter/døgn og/eller der totalvolumet av prosessbada er under 30 kubikkmeter.

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.