Meldeskjema for forbrenningsanlegg for reine brensel

Forbrenningsanlegg for reine brensel skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Fylkesmannen. Meldinga skal sendast på standard skjema.

Forureining frå forbrenningsanlegg for reine brensel er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 27

Reine brensel er definert som oljer, gass, kol og biobrensel. Ureina returtrevirke er ikkje rekna som reine brensel. El-kjelar er ikkje omfatta av reguleringa.

Meldeplikt for forbrenningsanlegg for reine brensel

Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Fylkesmannen. På skjema til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, tekniske data, utsleppsdata og oske. 

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Fylkesmannen, med mindre Fylkesmannen avgjer noko anna.

Gjeld verksemder med effekt mellom 1 og 50 MW

Skjemaet gjeld for anlegg med ei eller fleire fyringseininger i fysisk eller driftsmessig samanheng på same stad der summen av einingane sin installerte innfyrte effekt er 1-50 MW.

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Fylkesmannen kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter ureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.

Mellomlagring av oske krev eige løyve frå Fylkesmannen.