Meldeskjema for fiskeforedlingsverksemder

Verksemder som foredlar fisk, skjell, blautdyr og skalldyr skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Fylkesmannen. Meldinga skal sendast på standard skjema.

Forureining frå fiskefioredlingsverksemder er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 26

Meldeplikt for fiskeforedlingsverksemder

Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Fylkesmannen. På skjema som du finn til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, reinseanlegg, utslepp til vatn, støy og lukt. 

Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Fylkesmannen, med mindre Fylkesmannen avgjer noko anna.

Gjeld verksemder av ein viss storleik

Skjemaet gjeld for fiskeforedlingsverksemder som bruker 50 tonn råstoff eller meir per år eller produserer inntil 75 tonn/døgn ferdig produkt og som har utslepp til sjø. 

Nokre anlegg må ha utsleppsløyve

Fylkesmannen kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter ureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.