Fiskereglar - Fiske i sjø

Laks og sjøaurefiske i sjø

Fiske med stong og handsnøre 

Fiske med stong og handsnøre etter laks og sjøaure er lov heile året i Hordaland og Sogn og Fjordane, med unntak av indre del av Hardangerfjorden. I tillegg kan det vera andre reguleringar av fisket i fredingssoner/utvida munningssoner. Fiskeforbodet i Hardangerfjorden gjeld innanfor ei linje ved Bleiknes ved Husnes til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune i perioden 1. mars til og med 30. april. 

Ved fiske frå land er det lov å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det lov å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

I tillegg til agntypane som er lov å nytte i ferskvatn, er det i sjøen òg lov med anna agn, som t.d. brisling og reke.

Utanfor alle vassdrag der det går laks og sjøaure gjeld det særskilte reglar:

I munnings- og fredingssoner (utvida munningssoner) er det berre lov å fiske etter anadrome laksefisk i den tida vassdraget er ope for sjøaurefiske. I fredingssoner som omfattar fleire vassdrag, følgjer fisketida reguleringane for sjøaure i det strengast regulerte vassdraget. I fredingssona utanfor 100–metersgrensa grense elv – sjø, er det lov å fiske etter marine artar heile året. 

Frå grense elv – sjø og 100 meter ut er alt fiske forbode. Unntaket er fiske med stang i den tida vassdraget er ope for fiske (marin fisk). Fiske etter laks- og sjøaure føl fisketida til sjøaure i vassdraget som renn ut i fredingssona.

Tilleggsreglar for Hordaland

  • Det er ikkje lov å fiske frå båt nærare enn 100 meter frå elvemunning (grense elv - sjø)

Tilleggsreglar for Sogn og Fjordane:

  • I fredingssona utanfor 100–metersgrensa er det ikkje lov å fiske etter anadrom fisk frå båt. Fiske etter anadrom fisk frå land føl fisketida til sjøaure i vassdraget som renn ut i fredingssona
  • I fredingssona utanfor 100–metersgrensa er det lov å fiske etter marin fisk frå båt i ro heile året, og frå båt i fart i tida frå og med 1. oktober til og med 1. mars

Oter

Fiske med oter er lov frå 1. oktober til 28. februar, med unntak av Sørfjorden i Hardanger innanfor ei linje frå Trones til Kyrkjenes, Sognefjorden innanfor ei linje frå Ortmark til Nessane, Eidsfjorden innanfor ei linje frå Hamnneset til Høynes, Nordfjord innanfor ei linje frå Hyeneset til Lotsstrandebøen og Førdefjorden innanfor Ålesundet.

Fiske med fastståande reiskap etter laks og sjøaure

Fiske etter laks og sjøaure med kilenot, lakseverp og krokgarn (med fellesnamnet fastståande reiskap) krev at du har fiskerett eller løyve frå grunneigar og at du registrerer deg for fiske hjå Fylkesmannen. For fiske i ordinær sesong må du betale statleg fiskaravgift, dette gjeld ikkje i utvida sesong (fiske etter rømt oppdrettsfisk). Fiske med fastståande reiskap er knytt til grunneigarretten.

Det er ikkje opna for fiske etter laks og sjøaure med fastståande reiskap i ordinær sesong i Hordaland. I Sogn og Fjordane er det lov å nytte kilenot og lakseverp i ordinær sesong. I utvida sesong kan kilenot, lakseverp og krokgarn nyttast i begge fylka.

Det er viktig å merke seg at enkelte områder/regionar i fylka kan vera stengd for fiske med fastståande reiskap eller ha ulike fisketider, både i ordinær og utvida sesong. Fastståande reiskap må ikkje setjast nærare enn 100 meter frå elvemunning/grense elv-sjø, eller i fredingssoner.

For å delta i fisket med fastståande reiskap må du registrerer deg i Lakseregisteret – sjølaksefiske 1 månad innan fisket tek til. For fisketider med fastståande reiskap i sjø, sjå

Fiske med setjegarn etter rømt oppdrettsfisk

Fiske med setjegarn etter rømt oppdrettsfisk er lov i deler av Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1. oktober til 28. februar. Maskevidda må vere minst 58 mm.

Områder som ikkje er opna for fiske med setjegarn etter rømt fisk: I Sørfjorden i Hardanger innanfor ei linje frå Trones til Kyrkjenes, Sognefjorden innanfor ei linje frå Ortmark til Nessane, Eidsfjorden innanfor ei linje frå Hamneset til Høyne, Nordfjord innanfor ei linje frå Hyeneset til Lotsstrandebøen og Førdefjorden innanfor Ålesundet.

Løyve for fiske med setjegarn i vinterhalvåret er gitt då det er mykje rømt oppdrettsfisk i fjordane, og relativt lite villaks og sjøaure i fjordane om vinteren. Dette gjeld likevel ikkje i fredingssonene utanfor vassdraga eller nærare enn 100 m frå elvemunningane/grense elv - sjø.

Alle som fiskar er pliktige til å melde inn fangst. Ta difor kontakt med Fylkesmannen si miljøavdeling i god tid før fisket opnar for å få tilsendt fangstdagbok. Oppgje namn, adresse, fiskekommune og telefonnummer. Du kan registrer deg ved å sende e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Nedsenking av garn

I perioden 1. mars - 30. september er det nedsenkingspåbod av garn. I Hordaland må alle garn som har maskevidde over 32 mm senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under overflata. For Sogn og Fjordanen gjeld nedsenkinga alle maskevidder.

For Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og heile fjordsystemet rundt Osterøy innanfor Nordhordlandsbrua gjeld nedsenkingskravet alle maskevidder.

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje yrkesfiskarar som fiskar etter anna fisk enn laksefisk.

Ingen garn kan setjast nærare 100 meter frå elvemunningane. Innanfor fredigssonene i Hordaland skal alle garn, uansett maskevidde, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 5 meter under overflata. I Sogn og Fjordane er dette kravet minst 3 meter under overflata. I nokre fredingssoner er det heilt forbod mot garn- og/eller notfiske.

Merking av reiskap

Reiskap skal vera tydeleg merka. Setjegarn skal merkast med namn og adresse. Fastståande reiskap skal merkast med fylkesregistreringsnummer eller SSB nummer.

Fredingssoner

Det er innført fredingssoner (utvida munningssoner) utanfor ei rekkje vassdrag. Fredingssonene er skilta. Nokre fredingssoner har ekstra strenge reglar for fiske med not- og garn etter marine artar, sjå