Lite informasjon i elektronikkforretningar om mottak av EE-avfall

Såg du informasjon om at butikken tek imot kasserte elektriske og elektroniske produkt førre gong du var hos ein elektronikkforhandlar? Tilsyn viser at butikkar ikkje informerer godt nok om plikta til å ta imot EE-avfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.09.2019

EE-avfall lagra utandørs

I slutten av 2018 var vi på tilsyn hos 13 store elektronikkforhandlarar i Hordaland i ein regional tilsynsaksjon. Vi besøkte både Elkjøp, Power og Skousen. I år skulle vi spesielt kontrollere at forhandlarane lagra EE-avfall forsvarleg slik at det ikkje var utsett for tjuveri. Vi skulle også kontrollere at forhandlarane hadde sikker lagring av EE-avfall med sensitive data. Rapportane frå tilsyna og informasjon om regelverket ligg til høgre på denne sida.

Lite informasjon i butikklokale

Alle forhandlarar av elektriske og elektroniske produkt skal ha informasjon i alle butikklokale og salsmateriell om at EE-avfall ikkje skal kastast saman med anna avfall og at dei tek imot EE-avfall gratis. 8 av 13 forhandlarar hadde ikkje slik informasjon.

Mange lagra EE-avfall ute tilgjengleg for tjuveri

Kasserte EE-produkt skal lagrast slik at det ikkje er fare for forureining eller skade på menneske og dyr. Moglegheit til ombruk, materialgjenvinning og utsortering av komponentar i EE-avfallet skal ikkje reduserast. Forhandlar skal også iverksetje tiltak for å forhindre tjuveri av EE-avfall. 9 av 13 forhandlarar lagra ikkje avfallet i samsvar med reglane. Mange forhandlarar nemnde at containarar sto opne tilgjengeleg for ålmenta, så folk kunne levere EE-avfall etter opningstid. Det var også mykje problem med tjuveri. Forhandlarane er ikkje pliktige å ta imot EE-avfall utanom butikkens opningstid.

Sikker lagring av EE-avfall med sensitive data

Mobiltelefonar og datautstyr kan innehalde sensitive data. Forhandlarane skal ha eit tilbod om at EE-avfall som kan innehalde sensitive data kan oppbevarast i stasjonær avlåst behaldar eller tilsvarande sikker lagring. 5 av 13 forhandlarar hadde forbetringspunkt på sikker lagring.

Miljødirektoratet følgjer opp nasjonalt

Butikkane som hadde avvik frå regelverket måtte melde tilbake til oss om korleis dei hadde retta tilhøva. Resultata frå Hordaland vart rapportert til Miljødirektoratet, som samanstiller resultata i Noreg. Miljødirektoratet har kontakten med returselskapa og styresmakter innan anna regelverk i etterkant av kontrollaksjonen.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.