Fristar for miljøovervaking i akvakulturanlegg og koronavirus

Oppdrettsselskap må melde frå til Fylkesmannen, dersom miljøgranskingar planlagde før 1. juni 2020 vert utsett. 

Myndigheitene har innført strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset i befolkninga. Fylkesmannen ser at akvakulturanlegga i fylket på grunn av dette kan få utfordringar med å få utført planlagde miljøgranskingar av typen C-undersøking etter Norsk Standard NS 9410:2016 framover 

Standarden sine punkt 8.4. og 8.7. har fristar for når produksjonen slike undersøkingar skal gjerast. Oppdrettsselskap som har planlagt å gjere C-undersøkingar før 1. juni 2020, og som på grunn av smitterestriksjonane ikkje får gjort desse på rett tidspunkt, må melde frå om dette til Fylkesmannen. Send meldinga til fmvlpost@fylkesmannen.no. 

C-undersøkingane som vert utsett skal gjerast så raskt det vert mogleg att, og deretter følgje dei normale frekvensane i standarden. 

Fiskeridirektoratet har lagt ut ei tilsvarande melding som gjeld B-undersøkingane