Tilskot til utsiktsrydding

Fylkesmannen lyser ut midlar til utsiktsrydding for 2019. Søknadene vert handsama fortløpande, og dei skal sendast til kommunen. Tilskot til utsiktsrydding har no felles retningslinjer for Sogn og Fjordane og Hordaland som gjeld frå søknadsomgangen 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2019

Kva strekningar kan godkjennast?

Tilskotet gjeld utsiktsrydding langs ferdselsårar som vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt som gjev auka utsikt til landbruket sitt kulturlandskap. Strekningane som skal ryddast må vera tilgjengeleg for og kunna nyttast av ålmenta. Dersom arealet som vert rydda er egna som beite, er det krav om at arealet vert beita i minimum dei tre første åra etter rydding. Ved rydding av beite langsmed ferdselsårar vil den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen gjennom rydding kunna søkast om tilskot for gjennom denne ordninga. Tiltaket skal syna fram landbruket sitt kulturlandskap, og det skal vera positivt og for reiselivet. Det er vidare positivt om rydningsvirket eller deler av ryddingsvirket kan nyttast til bioengeri (ikkje krav).

Kva er utsiktsrydding?

Utsiktsrydding er fjerning av tre, renningar og busker langsmed ferdselsårar som veg og sti for å gje brukarane betre utsikt til det kringliggande landskapet. Utsiktsrydding er sjeldan snauhogst, men skal utførast i form av stammekvisting og avstandsregulering. Dette reduserer solinnstrålinga til botnvegetasjonen, og saman med stubbebehandling reduserer det gjenvekst av ny vegetasjon, samstundes som det gjev auka utsikt. Denne metoden blei utprøvd med gode resultat i eit prosjekt som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dreiv tidlegare; Prosjekt Opne landskap. Tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap vart innført i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå nasjonalt hald fom 2016.

Kven kan søkja?

Alle føretak med organisasjonsnummer og grunneigarløyve kan søka om tilskot. Det vil sei at både grunneigarar, grunneigarlag, andre lag/organisasjonar, kommunar med fleire kan søka om tilskot. Det kan gjevast inntil 70% tilskot av godkjent ryddekostnad.

Korleis skal ein søkja?

Søknadsskjemaet under skal nyttast, og bilde og kart samt kopi av eventuelle grunneigaravtalar eller beiteavtalar skal leggjast ved søknaden. Søknadane vert handsama fortløpande, det er ingen søknadsfrist. Søknadane skal sendast til kommunen som kjem med tilråding før oversending av søknadane til Fylkesmannen. Søknadane må vera innkomne til Fylkesmannen innan 1.oktober.

Kombiner beiterydding og utsiktsrydding

I mange tilfelle kan utsiktsrydding vera heilt eller delvis samanfallande med rydding av beite, så sant beitet ligg langs ein veg som er open for allmenn ferdsel. Dersom arealet som skal ryddast skal nyttast til beite etter rydding, er kravet til utsikt til jordbruksareal oppfylt; utsikt til innmarksbeite i drift. Det er derimot berre den delen av beitet som ein kan sjå frå vegen eller stien som ein kan søka om utsiktsryddingsmidlar til, men til ryddinga av resten av beitet kan ein vurdera å søka om SMIL-midlar. For den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen, og som vert godkjent som utsiktsrydding, vert det mange gevinstar å henta:

  • Inntil 70% finansiering av ryddearbeidet
  • Virket kan nyttast som ved/bioenergi til eige bruk eller sal
  • Meir beite/større beiteareal
  • Auka arealtilskot viss tiltaket er ny-etablering av beite
  • Auka arealtilskot viss tiltaket gjev omklassifisering av rydda areal frå skog til beite
  • Betre beitekvalitet pga auka solinnstråling til botnvegetasjonen
  • Betre utsikt til jordbruket sitt kulturlandskap for ålmenta

Økonomisk ramme for søknadsomgangen 2019

Fylkesmannen har diverre ikkje fått tildelt nye midlar til utsiktsrydding for søknadsomgangen 2019. Restmidlane frå dei fylkesvise rammene som Landbruksdirektoratet tildelte fylka i 2018 vert såleis vidareført som fylkesvise rammer for søknadsomgangen 2019:

  • Tilskotsramme for Hordaland 2019 (restmidlar frå 2018) ca 300 000 kr
  • Tilskotsramme for Sogn og Fjordane 2019 (restmidlar frå 2018) ca 3 mill kr

Nærare informasjon og søknadsskjema

For nærare informasjon om tilskotsordninga sjå:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.