Landbrukstilskot med ny adresse i 2020

Bønder må førebu seg på kommune og fylkeskommune som ny adresse for fleire landbruksordningar. Dette er oppgåver som blir flytta som resultat av regionreforma.

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar for landbruksbasert næringsutvikling (UTM)

Denne ordninga skal legge til rette for landbruksbasert næringsutvikling. Nye søknader skal sendast til fylkeskommunen, og tiltak som tidlegare har fått innvilga støtte vi no få utbetalt dette frå fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune vil informere eigarar av pågåande prosjekt om nye rutinar for rapportering og utbetaling. Spørsmål om dette kan rettast til heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no.
For nye prosjekt har Vestland fylkeskommune har sett søknadsfrist til 15. april 2020.

Kontaktperson hos Fylkesmannen: Eirik Brynjelsen


Investering i beiteområde i utmark

Denne ordninga gjev støtte til tiltak som legg til rette for beiting i utmark. Dette gjeld spesielt faste installasjonar som sanke- og samlehegn, sperregjerde, bruer til dyr og elektronisk overvakingsutstyr på dyra. Det er primært beitelag som deltek i Organisert beitebruk som kan søke om støtte.

Frå 2020 skal kommunane ha ansvar for å lyse ut og handsame søknader om støtte. For beitelag som går over fleire kommunar, skal søknader sendast til den kommunen der størsteparten av beiteområdet ligg.

Det vil bli sendt ut informasjon til alle beitelag i forkant av søknadsomgangen. Ramma for Vestland er 1,7 mill som er ein auke på 0,4 mill frå året før.

Kontaktperson hos Fylkesmannen: Kari Elsa des Bouvrie


Utvalde kulturlandskap (UKL) og verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap

Forvaltningsansvar for tilskotsordninga til tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap går frå Fylkesmannen til kommunane i dei aktuelle områda.

Søkarar skal då kontakte kommunen ved søknad om tilskot og spørsmål om utbetaling. I Vestland gjeld dette følgjande utvalde kulturlandskap:

  • Stadlandet, Stad kommune
  • Grinde og Engjasete, Sogndal kommune
  • Ormelid, Luster kommune
  • Lærdal, Lærdal kommune
  • Havrå, Osterøy kommune
  • Ullensvang, Ullensvang kommune
  • Gjuvslandslia, Kvinnherad kommune

Nærøyfjordområdet er ein del av Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Aurland kommune tek over tilskotsforvaltinga for området, som også strekk seg litt inn i kommunane Lærdal, Vik og Voss.

Kontaktperson hos Fylkesmannen: Trude Knutzen Knagenhjelm

Tilskot til skogsvegar og skogsdrift med taubane

Midlane til bygging av skogsvegar og skogsdrift med taubane og hest vert overført til kommunane. Kommunane vil då utarbeide eigne retningsliner, handsame søknader, gje tilsegner og foreta utbetalingar av gjennomførte tiltak. Kommunane kan lage eigne retningsliner, eller samarbeide om felles retningsliner for ein region. Retningslinene blir heimla i skoglov og forskrifter til denne.

Kommunane lagar ein samla oversikt over trong for tilskot, og Fylkesmannen vil fordele midlar til kommunane etter aktivitet og planlagde anlegg.

Kontaktperson hos Fylkesmannen: Torkel Hofseth og Terje Natland