Fordeling av klima- og miljømidlar for 2020

Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2020. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2020

Fylkesmannen forvaltar kvart år ein sum til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om utfordringar og tiltak innan temaa klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø og kulturlandskap. Prosjekta skal medverke til god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgiving til næringa. Forskings- og utgreiingsinstitusjonar og fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte.

I år fekk Fylkesmannen 15 søknadar med eit samla søknadsbeløp på 1,8 mill. kroner. Av desse vart åtte søknadar prioriterte for tilskot. Tilskota ligg i spennet mellom 50 000 og 150 000 kroner, og utgjer til saman 665 000 kroner. Tematisk dekkjer prosjekta som fekk tilskot fagområde som reduksjon av klimagassutslepp, klimatilpassing, gjødselhandtering, drenering, kompost og vassmiljø.

Desse prosjekta har fått støtte:

Prosjekt Søkjar
Lokal kompost som klimatiltak SIMAS IKS
Klimabonden - grøftefilm Alver kommune
Husdyrgjødselhandtering med miljø-, effektivitets- og kostnadsfokus Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Potensiale i bruk av seksjonskontroll på mineralgjødselspreiar i Vestlandslandbruket Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Vestlandsbonden - grupperådgiving, podkast og klimadrypp Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Nitrogeneffektivitet ved miljøriktig bruk av husdyrgjødsel til eng NIBIO Fureneset
Klimaomstilling i landbrukskommunen Gloppen Gloppen kommune
Klimatilpassing i Steinsdalen - kunnskap om forureining og reduksjon av avrenning frå jordbruket Kvam herad

 

Neste søknadsrunde blir våren 2021. Følg med på våre nettsider for utlysing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.