Bønder tek miljøansvar

Regionalt miljøprogram for Vestland har fordelt 58,7 mill. kr til bønder som gjer ein ekstra miljøinnsats innan prioriterte tiltak på sitt gardsbruk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2020

Gjennom miljøprogrammet vert det stimulert til å ta vare på kulturlandskapet, biologisk mangfald og redusere avrenning til vassdrag. 56 prosent av midlane går til drift av bratt jordbruksareal. Frå 2019 er det eit felles program for Vestland som mellom anna legg til rette for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, redusert forureining til vassdrag og drift av jordbruksareal med stort biologisk mangfald.

Regionalt miljøprogram for Vestland (2019-2022) er eit strategiprogram fastsett av Fylkesmannen i samråd med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:

  1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
  2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
  7. Minst mogeleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

Regionalt miljøprogram inneheld strategiar, deriblant regionale miljøtilskot, som skal stimulere til å nå delmåla over. Ramma for desse miljøtilskota for Vestland for 2019 er sett til 58,7 mill. kr, og desse midlane er framforhandla nasjonalt som ein del av Jordbruksforhandlingane. Miljøtilskota vert annonserte med førebelse satsar, medan endelege tilskotssatsar vert fastsett per søknadsomgang med utgangspunkt i søknadstala. For søknadsomgangen 2019 sat Fylkesmannen att med ein rest-sum på ca 8 mill kr etter at tilskota var fordelte etter førebelse satsar. Etter dialog med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget har Fylkesmannen prioritert tilskot til stølsdrift, skjøtsel av bratt areal (bratt gras-, frukt- og hagebruksareal) og drift av beitelag ved fordeling av restmidlane.

Tilskot til stølsdrift

Kravet frå Jordbruksforhandlingane er at tilskot til stølsdrift skal vere minst kr 60 000 per støl. Stølsdrift er i Vestland matproduksjon hovudsakleg basert på utmarksbeite, og det krev eit ekstra produksjonsanlegg på føretaket. Beitedyra bidreg til å halda stølsareala og utmarksbeita opne. Dette er igjen gunstig for det kringliggjande plante- og dyrelivet. Gjennom stølsdrifta vidarefører ein gamal tradisjon med mjølkeproduksjon på stølen, og stølsdrift er ein viktig kulturformidling for landbruket. Meirarbeidet og meirkostnaden med stølsdrift gjer at nokre bønder noko motvillig vel vekk stølsdrifta, og talet stølar i Vestland har diverre gått noko nedover dei seinare åra. Dette er ei ikkje ønska utvikling, og Fylkesmannen, Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget ynskjer å styrka tilskotet til stølsdrift monaleg. Endeleg tilskotssats for tilskot til stølsdrift for søknadsomgangen 2019 vert auka frå kr 60 000 per støl til kr 80 000 per støl.

Tilskot til drift av bratt areal

Dei brattlendte bruka og teigane er eit særpreg for landbruket i Vestland. Det bratte arealet er tungdrive og arbeidsintensivt, og det er såleis ekstra utsett for å gå ut av drift. Den bratte innmarka står på hell, og den er såleis svært synleg i landskapsbildet. Ved å stimulera til slått, frukt- og hagebruk i det bratte arealet oppnår ein både matproduksjon, ope og stelt kulturlandskap med positive ringverknader for det kringliggjande plante- og dyrelivet, og at drift på marginale innmarksområde held fram. Med over halvparten av dei regionale miljøtilskota er skjøtsel av bratt areal er den desidert største og tyngst prioriterte tilskotsordninga i Vestland sitt miljøprogram. Tiltaket gjev ope og stelt kulturlandskap og matproduksjon også på bratte teigar, og det stimulerer til levande bygder med aktiv gardsdrift. Endeleg tilskotssatsar for drift av bratt areal vert for søknadsomgangen 2019 auka i høve til førebelse tilskotssatsar til:

kr 333/daa - skjøtsel av grasareal med helling 1:5 til 1:3
kr 500/daa - skjøtsel av grasareal med helling brattare enn 1:3
kr 1000/daa - skjøtsel av frukt- og hagebruksareal med helling 1:5 til 1:3
kr 1500/daa - skjøtsel av frukt –og hagebruksareal med helling brattare enn 1:3

Tilskot til drift av beitelag

Vestland har svært gode og produktive fjellbeite, særleg i indre og høgareliggande strøk. Med færre aktive bønder vert det meir krevjande for dei som har dyr på utmarksbeite enn før, både med tanke på tilsyn, sanking og manglande gjerdehald mot utmarka. Samarbeid innan organisert beitebruk er difor truleg endå viktigare no enn før. Gjennom aktive og oppegåande beitelag kan ein forvente lågare tap, meir effektiv og rasjonell tilsyn og sanking, auka kunnskapsformidling til, frå og innad i næringa. Ein kan og forvente fleire beitedyr i utmark, noko som igjen er positivt både med omsyn til kjøtproduksjon, ope landskap, biologisk mangfald, opne stiar, dyrevelferd og dyrehelse. Endelege tilskotssatsar for drift av beitelag for søknadsomgangen 2019 vert auka frå kr 20/småfe sleppt på utmarksbeite til kr 23,5/småfe sleppt på utmarksbeite, og frå kr 40/storfe sleppt på utmarksbeite til kr 47/ per storfe sleppt på utmarksbeite.

Tilskota i Regionalt miljøprogram for Vestland søknadsomgangen 2019 vert utbetalte frå Landbruksdirektoratet til bøndene 12. mars 2020. Forutan tilskot til stølsdrift, drift av bratt areal og drift av beitelag er dei endelege tilskotssatane like dei førebelse satsane.

Tabell som viser endelege tilskotssatsar

Søknadsfristen for Regionale miljøtilskot 2020 er 15. oktober. Føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket og som oppfyller vilkåra til ein eller fleire av tiltaka kan søke.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.