Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange / slepeslange (gjeld kun i samband med Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging)

Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange (Foto: Sveinung Klyve)

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest med tilførselsslange/slepeslange i samband med nedfelling og nedlegging. Formålet med tilskotet er å redusere bruk av tunge tankvogner og slik redusere jordpakking.

Tilskotet kan berre gjevast som eit tillegg til Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging. Det blir ikkje gitt tilskot til tilførselsslange/slepeslange i kombinasjon med bladspreiar. Føretaket må kunne dokumentere bruk av tilførselsslange/slepeslange ved å eige/leige utstyr eller leige spreiing. Eit føretak kan såleis søke om tilskot uavhengig av kven som utfører gjødslinga. Kravet er at gjødslinga skal vere utført som nedfelling eller nedlegging i kombinasjon med tilførselsslange/slepeslange, og det er den som disponerer arealet som kan søke om tilskot.

Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang gjevast tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 250 per daa
    Inntil 100 daa per føretak
    (Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange/slepeslange som eit tillegg til Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging, og tilskotet gjeld ikkje utan bruk av slikt utstyr).