Tilskot til soner for pollinerande insekt (gjeld førebels kun for Lærdal kommune)

Pollinatorvenleg blomstereng
Pollinatorvenleg blomstereng (Foto: Karoline Finstad Vold)

Det er frå 2020 eit nasjonalt krav om at alle fylke skal ha dette tiltaket. I Vestland vert tiltaket i første omgang berre innført for Lærdal kommune.

Det kan bli gjeve tilskot for å så og skjøtte soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal i Lærdal kommune. Sonene må ha pollinatorvenlege blomster gjennom vekstsesongen. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla eller sprøyta med plantevernmiddel. Ei sone skal vere minst to meter brei.

Formålet med tilskotet er å betre livsgrunnlaget for ville pollinatorar i jordbrukslandskapet ved å ha eit mangfald av vekstar som kan auke tilgangen til næring for insekta. Tilskotet er ein kompensasjon for kostnader til frøblanding og arbeidet med å etablere og skjøtte sonene. Med skjøtsel er meint tiltak som slått av sonene etter blomstring og vedlikehald med såing for å oppretthalde plantedekket (aktuelt frå første år etter etablering).

Ved såing skal det brukast frøblandingar med artar som gir bløming og nektarproduksjon gjennom heile pollinatorsesongen. Frøblandinga må ikkje innehalde framande artar eller artar med stor spreiingsfare. Tiltaket skal utførast i samsvar med fastsette skjøtselsråd, og val av frøblandingar skal vere i samsvar med Fylkesmannen sine råd for frøblandingar; sjå skjøtselsråd og råd for frøblandingar under.

Tilskotet kan bli gjeve for å etablere og/eller skjøtte pollinatorvenlege soner.

Etablering gjeld første etableringsår for nye pollinatorvenlege soner i frukthagar, bærhage, åker, eng eller beite. Sonene kan t.d. etablerast som striper inntil kanalar, åkerkantar, vegar, steingjerde, naturlege vegetasjonsbelte eller andre linjedrag. Stripene må leggast slik at dei blir minst mogleg påverka av sprøyting med plantevernmiddel og gjødsling av dyrka mark som ligg inntil stripa.

Skjøtsel gjeld skjøtsel av etablerte, fleirårige pollinatorvenlege soner i form av slått etter blomstring og vedlikehald med såing for å oppretthalde plantedekket. Sona skal skjøttast slik at det stimulerer til å oppretthalde mangfaldet av blomster frå år til år.

NB! Ettersom tiltaket er under utprøving, og nytt i 2020, ønskjer vi å få oversikt over kven som vil søke. Vi oppmodar difor alle interesserte søkarar i Lærdal om å melde frå til kommunen i juni / juli.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Høg sats 50 kr per meter pollinatorvenleg sone
    Inntil 160 meter pollinatorvenleg sone

(Etablering og skjøtsel av pollinatorvenlege soner på jordbruksareal i Lærdal kommune)

 

Skjøtselsråd for pollinatorvenlege soner

  • Ikkje bruk kjemiske plantevernmiddel, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel
  • Slå arealet etter at dei fleste blomstrane er avblomstra, normalt i slutten av august. Insekta treng blomster som gir næring heile juli og august
  • Dersom blandinga er fleirårig; la plantematerialet ligge i 2-4 dagar etter slått, men fjern det frå arealet etterpå
  • Bruk frøblandingar med variasjon av vekstar som blømer tidleg og seint i vekstsesongen. Dette er for å gje insekta nok næring tidleg på året, og for at insekta skal kunne bygge opplag til overvintring
  • På tilgrensande areal; ta vare på treslag som er gode matkjelder for insekta (lind, selje, rogn, hegg m.fl.)
  • Gje gjerne insekta tilgang til skjul som t.d. kvist- og steinhaugar
  • Framande artar med skadepotensial må fjernast

Meir fagleg bakgrunn for tiltaket finn du her:
Nasjonal pollinatorstrategi
Artsdatabanken, framande artar

Råd om frøblandingar for pollinatorvenlege soner

Det er krav om at stripene skal ha pollinatorvenlege blomstrar gjennom vekstsesongen. Det må difor vere artar som blomstrar til ulike tidspunkt gjennom sommaren og seinsommaren.

Både Felleskjøpet og Strand Unikorn sel frøblandingar som ein kan så på dyrka mark. Dei har eittårige blandingar der alle artane blomstrar det første året. Året etter må ein jordarbeide og så på nytt. Dei har òg frøblandingar der nokre artar blomstrar det første året, medan andre artar blomstrar i år to og vidare. Det kan vere økonomisk og arbeidssparande med fleirårige blandingar slik at ein slepp å så på nytt kvart år. Likevel er det slik at danske blandingar som blir oppgitt til å vere fleirårige gjerne berre er eittårig under våre tilhøve.

Dersom ein sår fleirårig blanding, kan det vere ein sjanse for at berre raudkløver og kvitkløver er igjen neste år. Dette vil ikkje vere allsidig nok til å gi pollinatorvenlege blomstrar gjennom vekstsesongen. Det kan då vere behov for å så ekstra frø om våren, men dette krev at vekstane som allereie står der ikkje konkurrerer for sterkt med dei som skal etablerast på nytt. Dei nye frøa må få god jordkontakt. Dersom ein har fått blomstrande ugras inn i sona, kan dette vere med på å oppfylle vilkåra til tilskotsordninga, slik at ein kan søke tilskot for stripa også året etter såing.

Forslag til egna frøblandingar

  • Strand nr. 70 (eittårig) frå Strand Unikorn inneheld 7 eittårige blomstrande artar, derav nær halvparten kløver
  • På mindre areal kan ein prøve Strand nr. 72 (dansk pollen og nektarblanding) eller Spire Blomsterblanding DK (eittårig)
  • Strand nr. 72 (fleirårig) frå Strand Unikorn er ein dansk blanding med 12 ulike eitt- og fleirårige blomstrande artar. Sidan blandinga er dansk, kan den ikkje bli rekna som varig i Noreg, maksimalt 2-3 år ved normale innlandsvintre. Nokre artar sår seg sjølv og kan komme igjen fleire år
  • Spire blomsterblanding (eittårig) frå Felleskjøpet inneheld 17 eittårige blomstrar. Blandinga er dansk. Fleire av artane har høg krav til jord og varme, slik at etablering kan vere krevjande eller ta lang tid der tilhøva ikkje er gode nok

    NB! Det må gjerast ei vurdering av om dei to siste blandingane egnar seg for bruk på jordbruksjord. Utover desse blandingane kan ein òg få kjøpt frø frå blomstrande artar, dersom ein ønskjer å blande sjølv eller tilsette fleire blomstrande artar i dei eksisterande blandingane. Etablering av stripe med artsrik slåttemark med lokale arter kan få tilskot gjennom ordninga, men dette er oftast meir arbeidskrevjande og utfordrande å lukkast med. Slike tiltak kan passe like godt å søke tilskot for gjennom SMIL-ordninga.

Dersom det er behov for gras-sone i åker for å hindre erosjon:

  • Strand nr 71 (fleirårig) frå Strand Unikorn inneheld mest raudsvingel, men òg engkvein, raudkløver og kvitkløver. Vidare inneheld blandinga dei eittårige blomstrane blodkløver, honningurt og vårrybs, samt karve som er toårig og luserne som er fleirårige
  • Spire Insektvenn (fleirårig) frå Felleskjøpet inneheld mest raudsvingel, men òg engkvein, raudkløver og kvitkløver. Vidare inneheld blandinga dei eittårige blomstrane blodkløver og honningurt, samt tilriltunge og luserne som er fleirårige

Tabell som viser innhald i frøblandingar

Meir informasjon om frøblandingar til pollinerande insekt finn ein på nettsidene til Strand/Norgesfôr og Felleskjøpet Agri (NB! Informasjon frå 2019).