Klima og landbruk – aktuelle webinar for kommunane

Kommunane har ytra ønske om fagleg påfyll om klima og landbruk, og Fylkesmannen i Vestland vil legge til rette for kunnskapsoppbygging og erfaringsutveksling innan temaet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.09.2020

Landbruket skal ta sin del av reduksjon av klimagassar framover, samstundes som klimaendringane gjer det meir utfordrande å produser mat i framtida.

Fylkesmannen legg opp til ein serie webinar for kommunane.

Vi starta med temaet «Komplekse utfordringar krev heilskaplege løysningar» v/ Arne Bardalen i NIBIO. Seminaret vart gjennomført i august, med over 50 deltakar.

Det vert tre digitale samlingar til denne hausten:

  • Landbruks og Matdepartementet og Bondelaget presenterer klimaavtalen mellom staten og næringa (oktober)
  • Verkemiddel/tiltak som finst i dag - presentasjon ved Fylkesmannen (desember)
  • Skog som ein del av løysinga- presentasjon med Janne Kjønaas frå NIBIO (desember)

Meld gjerne inn andre aktuelle tema eller tips til føredragshaldarar for framtidige webinar og samlingar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar