Diskuterte klimaklokt vestlandslandbruk for framtida

Ho er 33 år og økologisk bonde i Vik i Sogn. Han er snart 80 og har forska på landbruket i ein mannsalder. Begge deltok dei på landbrukskonferansen Klimaklokt vestlandslandbruk i Sogndal 3. og 4. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.09.2019

Turid Haga Vange tok imot sit første kalv då ho var seks år og driv no slektsgarden på Vange i Vik. Garden har vore driven økologisk sidan 1989, og eitt av dei siste miljøtiltaka Vange har gjort, er å byggje ny tårnsilo. Stort sett alt fôr blir lagt i silo, bortsett frå noko til tørrhøy. Rundballeplast er det dermed ikkje å finne på garden.

Satsar og trur på framtida

På landbrukskonferansen fortalde Vange dei rundt 150 deltakarane om korleis det er å drive økologisk og mest mogleg klima- og miljøvenleg på ein vestlandsgard på 500 dekar med 40 kyr og 16 slakteoksar. Ho ser både fordelar og utfordringar med økologisk drift, men det er her ho vil skape framtida si. Etter innlegget sitt hausta ho både godord og fleire klapp på skuldra frå dei andre i salen.

Også forskaren på snart 80 trur på framtida for norske bønder, òg dei som produserer kjøt. I ei tid der stadig fleire et stadig mindre kjøt, forfektar Reidar Almås at eit måltid med raudt kjøt og norske poteter og grønsaker er både klimavenleg og berekraftig.

– Det er matsvinn å late halvparten av kaloriane i utmarka gå til spille, slo han fast.

Må produsere det folk vil ha

Almås er seniorforskar ved Institutt for rural- og regionalforskning (RURALIS) og professor emeritus ved NTNU og har brukt store delar av karrieren sin på å forske på norsk landbruk og norske bygder. Han ser fleire utfordringar for landbruket som følgje av klimaendringane og trur noko av svaret er å spele på lag med vêret og produsere det folk vil ha.

– Eg trur eit allsidig og multifunksjonelt landbruk er svaret på korleis landbruket kan tilpasse seg klimaendringane og det grøne skiftet. Bøndene må drive kunnskapsbasert, klimaklokt og energigjerrig. Dessutan må planteprodusentane kjenne si besøkelsestid i ei tid der fleire definerer seg som veganarar og fleksitarianarar, som innimellom droppar kjøt, fisk, mjølk og egg, sa Almås.

Turid Haga Vange er inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets Økoløft, som skal bidra til auka produksjon av økologiske landbruksprodukt i Noreg.

Klimakloke val i kvardagen

Dei om lag 150 deltakarane på konferansen, som er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland, var i hovudsak tilsette i kommunane. Det er dei som skal rådgje og hjelpe vestlandsbøndene inn i framtida – og då er klima eit stikkord på fleire måtar.

Landbruket må både tilpasse seg eit endra klima med både meir og mindre vatn, samstundes som også landbruket må bidra i klimadugnaden og redusere utslepp frå gardsdrifta.

– Vi hadde inspirerande innlegg og gode diskusjonar desse to dagane. Det var kjekt og lærerikt. Målet er at deltakarane no tek med seg ny kunnskap heim og set denne ut i praksis, slik at bønder på heile Vestlandet lærer seg å gjere klimakloke val i kvardagen sin, seier arrangørane.

Fruktbar kafédialog

Konferansen var samansett av innlegg, parallellsesjonar og ein kafédialog, der alle deltakarane sjølve måtte ta stilling til ein del problemstillingar rundt korleis vestlandslandbruket kan bli meir klimaklokt. Deltakarane sirkulerte mellom kafébord og diskuterte mellom anna korleis klimavenleg gardsdrift kan bli eit fortrinn for lønsemd, og korleis ein kan leggje til rette for klimavenleg arealbruk.
Seansen vart avslutta med ei oppsummering, der nokre av temaa var framsnakking av flinke bønder, at betre omdøme gjev meir sal, og at klimavenleg drift vil auke lønsemda gjennom betre avlingar. Deltakarane trekte fram oppfølging av driveplikta, auka tilskot til drenering, god beitebruk og god kunnskap om agronomi som tiltak som kan legge til rette for klimavenleg arealbruk.

Rundt 150 deltakarar hadde teke turen til Sogndal for å lære meir om klimakloke val i landbruket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar