Beit - ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt

Vi treng eit taktskifte og eit felles løft i klimaarbeidet. Fjøsbygg i tre og smarte løysingar i drifta frå inn- og utland vert presentert og diskutert på konferansen Beit.

Fylkesmannen i Vestland og Myldring AS samlar 17.-18. oktober dei klokaste og mest innovative innan utvikling av «klimasmarte fjøs» til ein konferanse i Myrkdalen på Voss.

Kulturlandskapet på Vestlandet med dei pittoreske små kyst-, fjord- og fjellgardane gjer seg bra på turistane sine Instagram- og Facebook-bilete. Men desse gardane må bidra meir for å motarbeide klimaendringar og enkelt sagt, redde klimaet for komande generasjonar. 

Verda treng mat, produsert i pakt med natur og klima. Dagens moderne og samfunnsengasjerte bønder har ambisjonar – tida for handling er komen. Denne konferansen vil vere eit bidrag til meir handling (og mindre prating). Vi vil sjå lenger enn nasetippen og diskutere løysingar eigna for Vestlandet.

Vi treng kompromisslause, kostnads- og klimaeffektive fjøsbygg som leverer både konstruktivt og driftsmessig på «klimaredningsskalaen». Samstundes må bonden som næringsdrivande sjå ein økonomisk vinst av investeringane. Staten må skyve i gang klimaeffektive innovasjonar og bonden må erkjenne at investeringane vil styrke marknadsposisjonen i framtida.

Det er eit stort mangfald av løysingar der ute. Vi har valt å setje fokus på produksjon av mjølk og kjøt, fordi det er her vi ser mest klimaredningspotensial. Vi siktar oss inn på tre område vi meiner er viktige for «klimabonden»:

  1. Det konstruktive – korleis bygge eit fjøs som er bra for klimaet og som tuftar på regionale ressursar og arbeidskraft? Eit fjøs frå eigen skog? Eit fjøs som aukar dyrevelferda?
  2. Det driftsmessige – kva slags nye løysingar for betre fjøsdrift er tilgjengelege, eller venta i nær framtid? Kva er uløyst?
  3. Det finansielle – kva kostar eit klimasmart bygg? Er vedlikehaldet dyrt? Kven hjelper bonden med å finne den beste løysinga for akkurat denne garden?


Programmet (under arbeid) og lenkje til påmelding finn du på www.beitkonferansen.no.