Kjøtproduksjon i Vestland

Kjøt frå storfe er den dominerande kjøtproduksjonen i Vestland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2020

Figuren nedanfor syner kjøtproduksjonen i Vestland fordelt på dyreslag. Kjøt frå storfe er den dominerande kjøtproduksjon og er i stor grad knytt til mjølkeproduksjonen, sjølv om kjøtproduksjon frå ammeku er i vekst. Produksjonen av kjøt frå storfe er fallande på grunn av færre mjølkekyr. Produksjon av kjøtt frå svin og sau er om lag like store og er forholdsvis stabil.

Figur 1. Kjøtproduksjon i tonn 1998-2018. Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Svakare utvikling i Vestland

Ser vi på den relative utviklinga og samanliknar med landet totalt sett, ser vi at Vestland følgjer det same utviklingsmønsteret som landet elles. Likevel ser vi at utviklinga er svakare enn landet og at Vestland går brattare ned i tider med nedgang og greier ikkje følgje med i veksten like mykje når det er oppgang. 

Ein kan merke seg at utviklinga på storfe- og kalvekjøt no kan sjå ut til å gå i ulike retningar om ein samanlikna med landet. Det kan tyde på at ein til dømes ikkje har hatt like stor vekst i ammekuproduksjon samstundes som talet på mjølkekyr går ned i Vestland. 

Figur 2. Relativ utvikling i kjøtproduksjonen 1998-2018. Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Få griseprodusentar leverer mykje kjøt

Figurane nedanfor syner den totale mengda kjøt levert fordelt på dyreslag og føretak. Nesten halvparten av kjøtet som vert levert er storfekjøt. Produksjonen av grisekjøt er spesiell ved at det kjem eit stort volum får nokre få føretak. Om lag 30 prosent av kjøtet som vert levert er grisekjøt, medan dette kjøtet vert levert av berre tre prosent av føretaka.

 

Figur 3. Fordeling av kjøtproduksjon og føretaksleveransar i Vestland 2018. Kjelde: Landbruksdirektoratet https://data.norge.no/data/landbruksdirektoratet/leveranser-til-slakteri-i-landbruket-i-2018

 

Mykje sau i heile fylket

Nedanfor ser vi korleis til dømes sau fordeler seg i Vestland. Alver, Voss herad og Sunnfjord er kommunar med stor produksjon av sau- og lammekjøt. Vidare følgjer Stad, Luster, Kvinnherad, Etne og Sveio kommune som også har høgt tal sauer.

Illustrasjon 1. Sau i kommunanen i Vestland. Kjelde: Fylkesmannen i Vestland.

Mange små saueprodusentar

Ser vi på kven som produserer kjøt frå sau og lam, ser vi at den gruppa med flest føretak er dei som har mellom 1 og 30 vinterfora sau, dei utgjer halvparten av alle føretak med sau. Dei har om lag like mykje sau som den gruppa av føretak som har over 151 vinterfòra sau som berre tel 128 føretak.

Den gruppa som har mest sau totalt er dei føretaka som har mellom 31 og 60 sau. Vi ser at sauehaldet i Vestland er prega av mange små føretak som til saman har mykje sau.

 

Figur 4. Sau fordelt på føretak. Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.