Ny rettleiar for smittevern i landbruket

I dag har Mattilsynet publisert ein ny rettleiar som skal sikre lite covid-19-smitte og oppretthalde trygg produksjon av frukt, bær, grønsaker og potet. Fylkesmannen i Vestland har delteke i arbeidsgruppa som har laga rettleiaren.

For å hindre spreiing av koronavirus som gjev sjukdommen covid-19, er det nødvendig med ekstra strenge krav til smittevern på arbeidsplassane og i befolkninga generelt. Landbruksnæringa, og særleg grønt-produsentane som sysselset mange sesongarbeidarar, har etterspurt ein rettleiar for korleis dei kan halde oppe matproduksjon og samstundes sikre at dei tilsette held seg friske.

Landbruks- og matdepartementet gav difor Mattilsynet i oppdrag å koordinere eit arbeid med å lage ein slik rettleiar. No er han klar, og det er fagpersonar frå Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Stiftinga Matmerk og Fylkesmannen i Vestland (med faglege innspel frå fylkesmennene i resten av landet) som har skrive den. Rettleiaren har vore på ei kort høyring hjå Folkehelseinstituttet og i Bondelagets arbeidsgruppe for grønt-produksjon.

I rettleiaren vert det gjeve råd og informasjon om godt smittevern til norske produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet, for å bidra til at

  • arbeidstakarane held seg friske
  • matproduksjonen vert halde oppe
  • nat som vert produsert er trygg

Dei tre viktigaste tiltaka for å bremse covid-19 er

  • at sjuke personar skal ikkje vere på arbeid
  • god hygiene
  • redusert kontakt mellom personar

Alle som på ein eller annan måte er involvert i norsk grønt-produksjon vil finne relevant stoff i rettleiaren. Det gjeld også kommuneoverlegane som har det overordna ansvaret for smittehandteringa i sin kommune. Overordna er det arbeidsgjevars helse-, arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeid som skal syte for at arbeidstakarar held seg friske og trygge på arbeid, og at matproduksjon og mattryggleik vert ivareteke.

Rettleiaren finn du på Mattilsynet si heimeside.