Beitesesongen 2018 i Sogn og Fjordane

Dei siste åra har vi hatt under 5 prosent tap av lam på utmarksbeite. I 2018 auka tapa.  Beitesesongen var krevjande med ein tørr og varm sommar, mykje regn på hausten og utfordring med ulv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2019

Frå 2012 og fram til i 2018 har vi hatt vesentleg lågare tap enn resten av landet. I 2018 var vi 0,4 prosentpoeng under resten av landet (figur 1.).

Figur1.  Tap av lam på utmarksbeite i prosent for landet og Sogn og Fjordane


Når vi samanliknar kommunane i fylket, er det store skilnadar (figur 2.) I indre del av Sunnfjord og midtre og indre del av Sogn er tapet lågast og her er det under 5 prosent (merka med grønt i figur 2.) Hyllestad peikar seg ut med veldig høge tap med 17,5 prosent. I statistikken kjem det fram at dette utgjer 51 lam. Kystkommunane har utfordring med store tap kvart år. Også i år har Gulen, Selje, Bremanger og Vågsøy tapt mange lam. I tillegg har Fjaler og Høyanger relativt høge tap i år.

Figur: Lammetap per kommune 2018 i prosent, samanlikna med gjennomsnitt for landet og for Sogn og Fjordane

 

Når vi ser attende til tidlegare rapporterte tal frå Hyllestad, er tapsprosenten i år spesielt høg. Ei årsak til det høge tapet skuldast ulv. Statens naturoppsyn dokumenterte ulveskadar i kommunane Naustdal, Fjaler, Hyllestad og Høyanger. Nokre beitelag som grenser til desse kommunane, trur at ulven kan ha vore i deira område også. Fleire beitelag melder om aukande problem med ørn og rev.

Beitesesongen 2018 var svært varm og tørr. Dette har gjort til at sauene har vandra mykje. Dei har leita etter mat og trekt over i nye beiteområde. Enkelte beitelag melder også om at dyra har kome heim frå beite tidleg. Med hausten kom det mykje nedbør slik at det vart ekstra utfordrande med sankinga. I nokre områder var det flaum, bruer vart øydelagde og det vart vanskeleg å få heim dyra. Nokre beitelag måtte leige helikopter for å komme fram til dyr i område med flaum. Det er ein del variasjon i sluttresultatet på slaktevekter.

Beitenæringa har ei viktig rolle på mange område. Beitande husdyr sørger for eit meir ope og levande landskap. Beitebruk er god ressursutnytting. Beitelaga bidreg til eit godt fagmiljø og gjer ein viktig jobb med å få ned tap av dyr på beite. Fylkesmannen er glad for at det er så mange bønder som deltek i organisert beitebruk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.