Digital fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap

Dato:
20. oktober 2020 08:30 - 12:00
Stad:
Digital samling/webinar
Arrangør:
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Rådmenn, kommuneoverlegar, beredskapskontaktar i kommunane, regionale aktørar med beredskapsoppgåver.

Fylkesmannen v/helse-, sosial- og barnevernsavdelinga og beredskapsseksjonen inviterer til digital fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap 20. oktober 2020. 

Publisert 07.07.2020

Fagsamlinga vil bli digital og gjennomført tysdag 20. oktober 2020 kl. 9 - 12.

Det er plass til eit avgrensa tal deltakarar på den digitale samlinga. Lenke til oppkopling og praktisk informasjon blir sendt til dei påmeldte før samlinga. Merk: oppkopling skjer frå kl. 08.30.

Påmeldingsfristen var torsdag 15. oktober. Det er framleis mogleg å delta, ta kontakt med Lene Stavseng på e-post: fmholst@fylkesmannen.no seinast innan kl. 08.00 tysdag 20. oktober. 

Vedlagt ligg førebels program.

Hovudtemaet vert covid-19-pandemien. Vi ønskjer å bruke samlinga til å dele erfaringar frå jobben som kommunane, helseføretaka, Fylkesmannen og andre har gjort. Målsetjinga er å kunne bruke erfaringane til å gjere ein endå betre jobb både under den vidare pandemien og etterpå.

Ved spørsmål: kontakt Lene Stavseng, e-post: fmholst@fylkesmannen.no

Ved tekniske spørsmål og oppkopling: kontakt Anne C. F. Eide, e-post: fmhoacf@fylkesmannen.no 

Dato:
20. oktober 2020 08:30 - 12:00
Stad:
Digital samling/webinar
Arrangør:
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Rådmenn, kommuneoverlegar, beredskapskontaktar i kommunane, regionale aktørar med beredskapsoppgåver.