Nettdialog SKOG nr. 3 – Skogfond – ei praktisk tilnærming

Dato:
25. august 2020 09:00 - 10:00
Stad:
Nettmøte - lenke vert sendt til deltakarane
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i vestlandsfylka

Skogfond er ei gunstig ordning for skogeigaren. Mange set av minst mogeleg ved hogst, kanskje for lite til å få forynga plantefeltet etter hogst. Samstundes står det mykje pengar på skogfondkontoar som ikkje gjer nytte for seg.

Publisert 18.06.2020

Totalt planlegg vi fem skogrelaterte webinar i år, dette vert det tredje.

Nettdialog SKOG vil denne gangen fokusere på kva som er god rådgjeving mot skogeigar for bruk av skogfond. Kva er gode, berekraftige tiltak i skogen? Den faglege tilnærminga vil vi krydre med praktiske tips for skogfondforvaltning i den kommunale kvardagen. 

Påmelding skjer via vår nettside. 

Med dette ønskjer vi å invitere dykk til Nettdialog SKOG 25. august, kl. 09–10.

Som alltid treng vi dialog og tek imot innspel og spørsmål på forhånd slik at vi kan tilpasse desse webinarane til det kommunane ser på som viktigast. Vi takkar for alle innspel vi allereie har fått i spørjeundersøkinga!

Lenka til arrangementet vert sendt til dei påmelde dagen før.

Påmelding Nettdialog SKOG 25. august 2020

Dato:
25. august 2020 09:00 - 10:00
Stad:
Nettmøte - lenke vert sendt til deltakarane
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i vestlandsfylka