Innføring i statistikkbanken for landbruket i Vestland

Dato:
6. juli 2020 12:00 - 13:00
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Landbrukskontora i kommunane
Påmeldingsfrist:
03.07.2020 23:59:00

Fylkesmannen i Vestland har lansert statistikkbanken for landbruket i Vestland. Vi inviterer til innføringskurs for å verte kjend med statistikkbanken!

Statistikkbanken samlar tilgjengeleg statistikk om jord- og skogbruk i kommunane i Vestland. Målet er å gjere tilgjengeleg fakta om landbruket i Vestland for å auke kunnskapen om landbruket og utviklinga i dei ulike produksjonane. 

Kommunane kan ha god nytte av desse tala for å følgje landbruket i kommunane og fylket og nytte tala inn i arbeidet med utvikling av jord- og skogbruket i eigen kommune. 

Vi arrangerer ein times digitalt kurs måndag 6. juli. Har du ikkje høve til å vere med no, vert det fleire kurs over sommaren. 

Meir informasjon og lenke til statistikkbanken finn du på høgre side. 

Meld deg på i skjemaet nedanfor. Du får tilsendt lenke til møtet måndag 6. juli. 

 

Påmelding - innføring i statistikkbanken for landbruk

Dato:
6. juli 2020 12:00 - 13:00
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Landbrukskontora i kommunane
Påmeldingsfrist:
03.07.2020 23:59:00