Webinar for kommunale skogansvarlege

Dato:
26. mai 2020 09:00 - 10:00
Stad:
Et Zoom-webinar
Arrangør:
Landbruksavdelinga
Målgruppe:
kommunale skogansvarlege
Påmeldingsfrist:
25.05.2020 00:00:00

Fylkesmannen inviterer til eit webinar om planteaktivitet i fylket, tilskotsforvaltning, skadegjerarar i planta skog, skogplanteforedling og -kvalitet.

Totalt planlegg vi 5 skogrelaterte, korte webinar i år, skreddersydde for dykk som jobbar med skogbruk i kommunane i Vestland fylke eller i nabofylka.

Vi ynskjer å få til god fagleg formidling og utveksling av idear og røynsler frå kvardagenWebinarane erstattar ikkje synfaringar og hyggeleg direkteprat med dykk, men kan gi oss høve til å halde kontakt året rundt. I all hovudsak vil vi bruke Teams. Ei lukka gruppe for kommunale skogansvarlege er oppretta og kan takast i bruk etter kvart til raske spørsmål, svar, ide- og erfaringsutveksling. Dess meir vi deler, jo meir vil vi få. 

Med dette ønskjer vi å invitere dykk til eit første webinar om skogbruk 26.mai, kl.9 – 10. 

Tema for dette møtet vil vere planteaktivitet i fylket, tilskotsforvaltning, skadegjerarar i planta skog, skogplanteforedling og -kvalitet. Vi kjem med meir program og innleiarar etter kvart.

Vi treng dialog og tek imot innspel! Vi vil tilpasse webinarane til den trongen de i kommunane ser som viktigast. 

Dette webinaret vert helde med Zoom som verktykommande webinarar mest sannsynleg med Teams. Lenka vert sendt til dei påmeldte rett før webinaret. 

Påmelding webinar SKOG 26.mai 2020

Dato:
26. mai 2020 09:00 - 10:00
Stad:
Et Zoom-webinar
Arrangør:
Landbruksavdelinga
Målgruppe:
kommunale skogansvarlege
Påmeldingsfrist:
25.05.2020 00:00:00