AVLYST: Korleis skal vi saman planlegge for framtida?

Dato:
15. april 2020 09:00 - 15:30
Stad:
Nordfjord hotell, Nordfjordeid
Arrangør:
Fylkesmannen, KS, USHT, fylkeseldrerådet i Vestland og Vestland fylkeskommune
Målgruppe:
Rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar og andre som arbeider med dette innsatsområdet
Påmeldingsfrist:
31.03.2020 23:59:00

Vi inviterer til fagdag på Nordfjordeid om aldersvenleg samfunnsplanlegging for kommunane i Vestland. 

Tema for dei fire regionale fagdagane blir aldersvenleg samfunnsplanlegging, og samarbeid på tvers i kommunane.

Samlingane blir på Nordfjordeid 15. april, Sogndal 16. april, Bergen 29. april og Stord 30. april. Kommunane vel sjølve kva samling dei vil delta på.

Leve heile livet-reforma

Leve heile livet-reforma legg i denne fasen (2020-2021) opp til at kommunane skal kartlegge eigne behov og utfordringar, tilpasse og innarbeide tiltak i planverk. Det blir også lagt opp til at kommunane i løpet av 2020 skal behandle og vedta korleis reforma sine løysingar skal innarbeidast lokalt. 

Brei deltaking

Det er Fylkesmannen saman med det regionale støtteapparatet for reforma som inviterer til fagdag. Vi ønsker å legge til rette for at sektorane i kommunane skal jobbe på tvers. Vi oppmodar derfor kommunane om brei deltaking på samlinga (3-5 personar), slik at plan- og helsefolk  kan kome saman og jobbe på tvers.

Fylkesmannen dekker dagpakke for fire personar, og det blir bindande påmelding. Kommunane dekker dagpakke utover desse fire, og dette gjer ein opp med hotella sjølve. Spesifiser dette i påmeldingsskjemaet. Eventuelle utgifter til reise og overnatting må deltakarane ordne og betale sjølve.

Program blir lagt ut på denne sida når det er klart. 

Prisen for dagpakke på denne samlinga er 550 kroner. 

Legg til i eigen kalender
Dato:
15. april 2020 09:00 - 15:30
Stad:
Nordfjord hotell, Nordfjordeid
Arrangør:
Fylkesmannen, KS, USHT, fylkeseldrerådet i Vestland og Vestland fylkeskommune
Målgruppe:
Rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar og andre som arbeider med dette innsatsområdet
Påmeldingsfrist:
31.03.2020 23:59:00