Medietreningskurs med særleg merksemd på krisekommunikasjon

Dato:
3. februar 2020 10:00 - 17:00
Stad:
Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Ordførarar, varaordførarar og rådmenn i kommunane

Fylkesmannen arrangerer medietreningskurs for ordførarar og rådmenn, med særleg vekt på krisekommunikasjon.

Målet for kurset er at deltakarane skal oppleve auka meistringskjensle i intervjusituasjonen og lære gode teknikkar for mediehandtering. Det vil bli lagt vekt på at deltakarane skal få mest mogleg praktisk øving i intervju framfor kamera.

Tilbakemeldingane vi gjorde for ei tid tilbake viste at det er så pass stor interesse at vi kan arrangere eit slikt kurs i Bergen. Det vil vere plass til maks 10 personar, for at alle skal få best mogleg utbyte av kurset. Dersom talet påmeldte blir stort nok, vil det kunne bli aktuelt å gjennomføre meir enn eitt kurs.

Praktisk informasjon:

  • Dagskurs måndag 3. februar kl. 10.00 - 17.00 (det kan òg bli aktuelt å arrangere kurs 4. februar, og ev. 5. februar dersom mange påmeldte).

  • Stad: Bergen sentrum, lokale ikkje endeleg avklart.

  • Målgruppe: Ordførarar, varaordførarar og rådmenn. Dersom mange påmeldte vil særleg nye ordførarar bli prioritert.

  • Kursleiar/-ansvarleg: Stang media v/Sølve Stang

  • Pris: kr 4 500 - 5 500 per person, inkl. lunsj og kaffe/pausemat.
    Pris per deltakar vil kunne bli i lågaste enden av skalaen dersom det blir tilstrekkeleg påmeldte til å halde meir enn eitt dagskurs. Fylkesmannen vil fakturere deltakaravgift i etterkant.

  • Påmeldingsfrist: fredag 10. januar 2020
    Påmelding skjer via skjema på denne sida.

 

Om kurset

I starten av kurset vil deltakarane få ei innføring i ein del grunnprinsipp for mediehandtering. Gjennom kursdagen vert det formidla ein del meir teori som del av evalueringa av dei praktiske øvingane. Øvingane vil bli gjennomført delvis i plenum og i einerom.

Som bakteppe/tema for dagen vil deltakarane bli presentert for eit krisescenario som byr på både dramatikk og overraskande vendingar, og som vil gi lærerike utfordringar. Frå tidlegare kurs har vi sett at det både gir utbyte å øve sjølv, men det gir òg mykje læring å observere kvarandre. Kursleiarane legg stor vekt på å skape trygge og gode rammer for deltakarane, både for dei praktiske øvingane og for evaluering og diskusjonar i plenum.

Om kursleiarane

Sølve Stang 
Er frå Sunnfjord og jobba i lokalaviser i Sogn og Fjordane og BA i Bergen, før han i mange år var i NRK, mellom anna som nyheitsanker i Dagsrevyen. Sidan 2007 har han jobba i Stang media med kommunikasjon og filmproduksjon.

Ingrid Nyhus
Nyhus har jobba mykje med krisehandtering og kriseleiing, mellom anna i Forsvaret. Der fordjupa ho seg i leiarutvikling ved uføresette hendingar, og ho har tatt mastergrad om handteringa av tsunamikatastrofa og ivaretaking av ofre og pårørande.

 

Ta gjerne kontakt ved spørsmål om kurset:
Anne Eide, tlf. 918 89 890, e-post: fmhoacf@fylkesmannen.no

Påmelding medietreningskurs februar 2020

Påmelding
Alternative kursdatoar - dersom mange påmeldte
Dato:
3. februar 2020 10:00 - 17:00
Stad:
Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Ordførarar, varaordførarar og rådmenn i kommunane