Samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt

Dato:
13. november 2019 12:00 - 15:00
Stad:
Statens hus Bergen, Kaigaten 9
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang etter kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova
Påmeldingsfrist:
25.10.2019 23:59:00

Vel møtt til samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt i spesialisthelsetenesta.

Målgruppa for samarbeidsmøtet er tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, nærare bestemt frå desse einingane:

  • Helse Bergen:
    • Habiliteringstenesta for vaksne
    • Habiliteringstenesta for barn og unge
    • Autismeteamet
  • Helse Førde:
    • Habiliteringstenesta for vaksne
    • Habiliteringstenesta for barn
  • Helse Fonna: Seksjon habilitering

Send oss problemstillingar

På møtet vil vi mellom anna diskutere problemstillingar de møter på i dykkar arbeid med kapittel 9. Vi ber om at helseføretaka sender oss problemstillingar som vi drøftar på møtet. Leiarar samlar desse opp og sender på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», seinast 25. oktober.

Program blir sendt ut til leiarane i kvart helseføretak veka før samarbeidsmøtet. 

Vi serverer lunsj, kaffi og frukt på møtet.

Deltakarar i Helse Fonna og Helse Førde, som ikkje har høve å vere til stades i Bergen, kan følgje møtet via skype. Informasjon om pålogging blir sendt saman med programmet. 

Dato:
13. november 2019 12:00 - 15:00
Stad:
Statens hus Bergen, Kaigaten 9
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang etter kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova
Påmeldingsfrist:
25.10.2019 23:59:00