CIM-verkstad i Bergen

Dato:
2. september 2019 09:00 - 16:00
Stad:
Statens hus Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Kommunalt tilsette i samanslåingskommunar som arbeider med etablering av felles DSB-CIM for ny kommune
Illustrasjon DSB-CIM
Illustrasjon DSB-CIM

Fylkesmannen i Vestland arrangerer "CIM-verkstad" i Bergen måndag 2. september 2019. Arrangementet er særskilt retta mot samanslåingskommunar, men det er òg høve for andre kommunar å delta dersom ledige plassar.

Fylkesmannen har rettleiingsoppgåver knytt til krisehandteringsverktøyet DSB-CIM for kommunane. Vi ønskjer å legge til rette for kompetanseheving og erfaringsutveksling, m.a. arrangerer vi frå tid til anna regionale kurs i DSB-CIM med instruktør frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

For kommunar som førebur samanslåing og arbeider med beredskapssystem for ny kommune, ønskjer vi særskilt å bidra til at kommunane i så stor grad som mogleg kan gjere arbeidet med etablering av felles DSB-CIM sjølv. Vi viser til tidlegare utsendt informasjon og råd for etablering av felles DSB-CIM, sjå vedlagte informasjonsskriv og hugseliste.

Vi tilrår å ha gjennomført administratorkurs for DSB-CIM for å arbeide med etablering og tilpassing av kommunen sin installasjon. DSB arrangerer grunnkurs og administratorkurs fleire gonger i året i Heggedal/Asker. Fylkesmannen arrangerer administratorkurs på Leikanger 5. juni 2019, med instruktør frå DSB, og tilsvarande CIM-verkstad same stad 6. juni.

CIM-verkstad er planlagt særskilt med omsyn til samanslåingskommunar i dei to fylka våre, og deltakarar frå desse vil bli prioritert dersom mange påmeldte. Deltakarar frå andre kommunar er òg velkomne dersom ledige plassar - t.d. kan ein slik dag vere aktuell for kommunar som ikkje tidlegare har tatt DSB-CIM i bruk, og som har behov for rettleiing og hjelp med tilpassing av installasjon til kommunen sine behov.

På CIM-verkstaden kan deltakarane arbeide med eigen DSB-CIM, dele erfaringar og tips med andre kommunar, og få rettleiing og hjelp ved behov.

Deltaking er gratis, men deltakarane må sjølv dekke lunsj. Det blir lagt opp til felles lunsj i kantine, der det er mogleg å kjøpe varm og kald mat.

Påmeldingsfrist CIM-verkstad Bergen: 10. august. Påmelding i skjema under (det er òg mogleg å melde seg på i skjema som ligg ved artikkel om administratorkurs og CIM-verkstader, særskilt aktuelt dersom påmelding til både administratorkurs Leikanger og CIM-verkstad Bergen).

CIM-verkstad Bergen 2. september 2019

Dato:
2. september 2019 09:00 - 16:00
Stad:
Statens hus Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Kommunalt tilsette i samanslåingskommunar som arbeider med etablering av felles DSB-CIM for ny kommune