Administratorkurs DSB-CIM og CIM-verkstad

Dato:
5. juni 2019 10:00 - 6. juni 2019 16:00
Stad:
Statens hus, Leikanger og Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Tilsette som har/vil få administratorrettar til DSB-CIM i kommunane, og tilsette i samanslåingskommunar som arbeider med etablering av felles DSB-CIM for ny kommune
Illustrasjon DSB-CIM
Illustrasjon DSB-CIM

Fylkesmannen i Vestland arrangerer administratorkurs i krisestøtteverktøyet DSB-CIM på Leikanger onsdag 5. juni, og "CIM-verkstad" på Leikanger torsdag 6. juni og i Bergen måndag 2. september. Arrangementa er særskilt retta mot samanslåingskommunar, men det er òg høve for andre kommunar å delta dersom ledige plassar.

Fylkesmannen har rettleiingsoppgåver knytt til DSB-CIM for kommunane. Vi ønskjer å legge til rette for kompetanseheving og erfaringsutveksling, m.a. arrangerer vi frå tid til anna regionale kurs i DSB-CIM med instruktør frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

For kommunar som førebur samanslåing og arbeider med beredskapssystem for ny kommune, ønskjer vi særskilt å bidra til at kommunane i så stor grad som mogleg kan gjere arbeidet med etablering av felles DSB-CIM sjølv. Vi viser til tidlegare utsendt informasjon og råd for etablering av felles DSB-CIM, sjå vedlagte informasjonsskriv og hugseliste.

For arbeid med etablering og tilpassing av kommunen sin DSB-CIM, tilrår vi å ha gjennomført administratorkurs. Administratorkurs og CIM-verkstader i 2019 er planlagt særskilt med omsyn til samanslåingskommunar i dei to fylka våre, og deltakarar frå samanslåingskommunar vil bli prioritert dersom mange påmeldte. Deltaking på CIM-verkstad for andre kan t.d. vere aktuelt for kommunar som ikkje tidlegare har tatt DSB-CIM i bruk, og som ønskjer rettleiing og hjelp med tilpassing av installasjon til kommunen sine behov.

Administratorkurs

Onsdag 5. juni 2019 kl. 10.00 - 16.00, Statens hus Leikanger

Administratorkurs blir vanlegvis gjennomført over fleire dagar ved DSB sitt kurssenter NUSB i Heggedal/Asker, men blir her komprimert til eit enkeltståande dagskurs. Administratorkurset krev god brukarerfaring med CIM, og det er ein stor fordel med gjennomført grunnkurs.

Instruktør: Johan Stenshorne, DSB/NUSB

  • Målgruppe: lokal/kommande administrator i kommunen, og CIM-brukarar som ønskjer større kunnskap om verktøyet.
  • Innhald: korleis administrere og tilpasse DSB-CIM i kommunen  t.d. administratorrolla, brukarhandtering, systeminnstillingar, meny- og rolleadministrasjon, lage tiltakskort og informasjonstavler.
  • Krav til forkunnskap: god brukarerfaring med CIM, ein stor fordel å ha gjennomført DSB-CIM Grunnkurs.

CIM-verkstad

Torsdag 6. juni, Statens hus Leikanger: kl. 09.00 - 16.00

Måndag 2. september, Statens hus Bergen: kl. 09.00 - 16.00

  • Målgruppe: ansvarlege for etablering av felles DSB-CIM for nye kommunar Hordaland og Sogn og Fjordane. Dersom ledige plassar, opnar vi òg for deltakarar frå andre kommunar, t.d. dei som ikkje tidlegare har tatt i bruk DSB-CIM.
  • Innhald: praktisk arbeid med den nye kommunen sin DSB-CIM, dele erfaringar og tips med andre kommunar, høve til å få rettleiing og hjelp.

Deltakaravgift:

Administratorkurs:
Oppdatert informasjon 24.05.2019: Deltakaravgift kr 300 - inkl. lunsj, kaffi m.m.

CIM-verkstad: Ingen deltakaravgift. Deltakarane dekker lunsj sjølv, det blir lagt opp til felles lunsj i kantine både på Leikanger og i Bergen der det er høve til å kjøpe varm og kald mat.

Overnatting

Deltakarar som har behov for overnatting bestiller dette sjølv. Aktuelle overnattingsstader for arrangement på Leikanger:
 • Sognefjord hotel, Leikanger (like ved Statens hus)
 • Quality Hotel Sogndal (Sogndal, 20 minutt køyring)
 • Best Western Lægreid Hotell (Sogndal, 20 minutt køyring)
 • Sogndal lodge og guiding (Sogndal, 20 minutt køyring)


Kollektivtransport


Kringom.no (kollektivtransport i Sogn og Fjordane)
Nettbuss (m.a. buss Bergen - Sogndal)
Ekspressbåt Bergen - Sogn (retur med ekspressbåt frå Leikanger til Bergen passar med kurstid begge dagar)


Påmelding ikkje lenger mogleg.

Dato:
5. juni 2019 10:00 - 6. juni 2019 16:00
Stad:
Statens hus, Leikanger og Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland v/beredskapsseksjonen
Målgruppe:
Tilsette som har/vil få administratorrettar til DSB-CIM i kommunane, og tilsette i samanslåingskommunar som arbeider med etablering av felles DSB-CIM for ny kommune