Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2020 til kommunane i Vestland

Fylkesmannen har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 16,55 mill. kroner til kommunane i Vestland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2020

I tillegg skal det tildelast 2,5 mill. kroner til Bergen kommune og deira prosjekt på Satsing mot barnefattigdom. Dette er siste tildeling i eit fleirårig prosjekt, som er løyvd tidlegare.

Det kom inn 72 søknader for til saman om lag 87 mill. kroner. Vi har tildelt fornyingsmidlar i samsvar med retningslinjer for kommunaldepartementet. 23 prosjekt har fått tildelt midlar, og fire prosjekt er overførte til avdeling for helse for vurdering og eventuell tildeling frå deira kompetanse- og innovasjonsmidlar. I kolonna til høgre finn du brev til kommunane om tildelinga.

Følgjande prosjekt har fått tildelt midlar:

Prosjekt nr. Kommune Prosjekt Sum kr.
17 Austevoll Tidleg innsats og førebyggjande folkehelse 100 000
23 Bergen Digitalisering og psykisk helse 1 100 000
26 Bergen HeltOm - helsetenesteteam og omsorgsteam 800 000
31 Sunnfjord Plan for innovativ innkjøp av velferdsteknologi 200 000
43 Sogndal Desentralisert sjukepleiarutdanning i Sogn 150 000
48 Alver Fag- og tenesteutvikling i region Nordhordaland Helsehus 300 000
64 Kinn (Bjørnafjorden og Askøy) Bustad for velferd 200 000
80 Modalen Samarbeidsmodell ved rekruttering av psykologkompetanse region Nordhordland 200 000
99  Sunnfjord  E-helse Vestland (velferdsteknologi helse og omsorgstenester i Vestland)  3 250 000 
75 Øygarden Valfag ungdomskular - innsats for andre 150 000
58 Austreim Etablering av interkommunalt barnevern (Austreim, Fedje med Alver som vertskommune) 750 000
24 Bergen Regional koordinator for Akson 1 300 000
35 Solund I dei unge sine framtidsdraumar - digital kompetanse 150 000
93 Bergen Digi Vestland - samordna regional digitalisering i Vestland 6 000 000
25 Bergen Innovasjon Borgertun 250 000
33 Sogndal Sogn for alle - integrering av innvandrarar 150 000
52 Etne Prosjekt Acos på Haugalandet 100 000
71 Fjaler ReStart (HAFS-kommunane og Haugland Rehabiliteringssenter) 200 000
20 Sunnfjord Resipientkapasitet i Dalsfjorden 200 000
5 Alver NGIB-kartet digitalisering av særskilte brannobjekt og risikoområde (Nordhordaland , Gulen og Solund) 250 000
65 Alver ROS Nordhordland brann og redning (samarbeid med Modalen og Austrheim) 250 000
81 Osterøy Kunnskapsdriver berekraft 400 000
39 Vaksdal Felles kontaktsenter i randkommunane Nordhordland + Gulen 100 000
    Total sum 16 550 000
       

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.