Ny frist for innsending av søknader om fornyingsmidlar er sett til fredag 20. mars 2020.

Fylkesmannen har sett av skjønnsmidlar for 2020 til fornyings- og innovasjonsprosjekt i offentleg sektor.

Det vert éi utlysing av fornyingsmidlane og søknadsfristen er sett til fredag 13. mars.

Fylkesmannen har fastsett føringar for midlane, og satsingsområda for kommunane i Vestland for 2020 er følgjande:

  • Kommunale tenester til:
    - helse og omsorg t.d. velferdsteknologi og auka krav innanfor rus og psykiatri
    - barnehage- og skulemiljø
    barnevern eller barn som er utsette for vald og overgrep

  • Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald:
    - samarbeidsprosjekt som gjer at flest mogeleg av kommunane i fylket
      bruker same kompetanse- og teknologiplattform, blir prioriterte

  • Samfunnsutvikling; til dømes på desse områda:
    - rekruttering
    - interkommunalt planarbeid til dømes om folkehelse, massedeponi, oppdrett
      og akvakultur
    - kommunale planverktøy og digitale kart
    - samfunnstryggleik og beredskap
    - klimatilpassing eller tiltak for å redusere klimagassutslepp

  • Interkommunale utviklingsprosjekt:
    - tenestesamarbeid på område der det har oppstått endringar som følgje
      av kommunereforma
    - samarbeid om skogbruks- og landbruksforvaltninga

I menyen til høgre finn du utsendt brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2020. Du finn og lenke til portalen Prosjektskjønn, som skal nyttast til innsending av søknader og til rapportering på prosjekt.