Søknad om utslepp frå Ljotelitunnelen i Årdal

Høyringsfrist:
24. april 2019 23:59

Fylkesveg 53 skal utbetrast mellom Ljoteli og Holsbru i Årdal kommune. Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av tunnelvatn frå både tunneldriving i anleggsfasen og tunnelvasking i driftsfasen.

Publisert 15.03.2019

Prosjektet er eit skredsikringstiltak

Prosjektet er eit skredsikringstiltak og det skal byggast ein ny tunnel ved Ljoteli.

Oversiktkart som viser prosjektområdet

Statens vegvesen Region vest søkjer om endra løyve til utslepp av vatn i samband med bygging og drift av Ljotelitunnelen. Lengda på tunnelen vil vere omlag 1080 meter. Planlagt oppstart av tunneldriving er i desember 2019. Forventa drivetid er 28 veker dersom drivinga skjer frå ei side, eller 14 veker om drivinga skjer frå begge sider.

Tunnelvatnet i både anleggs- og driftsfase vil bli reinsa før utslepp til terreng som drenerer mot Tya.

Offentleg ettersyn

Sakdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 24. april 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/4334. Frist for å gje fråsegn er 24. april 2019. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

 

Uttale Ljotelitunnelen

Høyringsfrist:
24. april 2019 23:59