Søknad om løyve - Tiltak i sjø, Rubbestadneset

Høyringsfrist:
26. april 2019 23:00

Dock Express AS søkjer Fylkesmannen om løye til utdjuping/sprenging i sjø, mudring og utfylling på Rubbestadneset. Frist for uttale er 26. april 2019.

Publisert 15.03.2019

Om tiltaket

Det skal skje ei omfattande utviding av Rubbestadneset industriområde, bl.a. for å etablera ein teknologidokk. Arbeida som er omfatta av søknaden er:

  • Sprenging av fjell i dagen ned til kote + 2
  • Diverse utfyllingar i sjø for etablering av kaiområde (ca. 220 000 m3)
  • Etablering av mellombels fangdammar
  • Utgraving av massar i Straumspløya innanfor fangdammane etter tørrlegging (ca. 12 500 m3)
  • Sprenging ned til kote – 11 for dokk
  • Undervassprenging for auka seglingsdjupne og etablering av båtheis (ca. 21 350 m3)

kart over tiltaka

Miljøtilstanden i området er kartlagt

Miljøtilstanden i området er kartlagt. Resultata viser forureina sediment av TBT, enkelte PAH-komponentar og enkelte metall (særleg kopar). Norconsult har på vegne av Dock Express AS utført risikovurdering, vurdert behov for avbøtande tiltak og laga ein tiltaksplan. Dei avbøtande tiltaka er beskrive som:

  • Arbeid i sjø kan ikkje skje i gyteperioden for torsk (februar til april), då lokaliteten ligg tett på eit gyteområde
  • Utfylling og sprengingsarbeid bør heller ikkje skje når det er produksjon av østers i akvakulturanlegget Klubbeosen for dyrking av bl. a. østers (lokalitetsnummer 10052) til Aga musling
  • Redusere innhald av plast og finstoff i sprengstein
  • Forsiktig utlegging for å hindre oppvirvling av partiklar frå sjøbotnen, og minimere spreiing av finstoff frå utfyllingsmassane
  • Overvake partikkelspreiing med kontinuerlege turbiditetsmålingar
  • Undervassprenging skal utførast slik at risiko for skadar på fisk vert redusert

Massehandteringsplanen vil verta ettersendt til Fylkesmannen når denne er ferdig laga.

Ein kontroll- og overvakingsplan skal utarbeidast basert på løyve gjeve av Fylkesmannen. Oppstart av arbeida i sjø er planlagt i slutten av mai 2019 med varigheit til ut 2022.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 26. april 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/6913.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale