Envir AS søkjer om mellombels løyve i Eidsvåg

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
11. desember 2020 23:59

Dei vil ha løyve til å handsama jord med framande og svartelista artar. Det er søkt om løyve frå 1. januar 2021 og til 30. juli 2023. Søknaden med vedlegg finn du i menyen til høgre. 

Publisert 04.11.2020

Envir AS driv forsøk med å handsama jord som inneheld framande og svartelista artar med damp. Forsøka har til no gått føre seg i Simonsviken, men skal flyttast til Eidsvågsbakken 16/18. Transport av massar inn til og ut frå anlegget vil gå føre seg med bil.

To typar massar skal takast mot ved anlegget: Massar som etter damping er reine nok til å brukast fritt (klasse 1 i TA-2553/2009 «Tilstandsklasser for forurenset grunn»), og massar som inneheld forureiningar i klasse 2 og 3 i TA-2553/2009, og som dermed ikkje kan brukast fritt.

Etter opplysningane i søknaden vil det verta i gjennomsnitt 5-10 lastebilar inn og ut av området på kvardager mellom klokka 7-16.

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 11.desember 2020.

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/11004.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.

Uttale