Søknad om løyve - utslepp frå Espeland vassbehandlingsanlegg


Høyringsfrist 23. oktober 2020 00:00

Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av prosessavløpsvatn frå Espeland vassbehandlingsanlegg.

Espeland vassbehandlingsanlegg skal oppgraderast med ny behandlingsprosess, og vassproduksjonen skal aukast. Resten av prosessavløpet er søkt sleppt til Skåldalselva. Slam frå spyleprosessar skal førast til kommunen sitt spillvassnett. 

Eksisterande Espeland vassbehandlingsanlegg og nødavløpskulvert med utslepp i Skåldalselva.

Eksisterande Espeland vassbehandlingsanlegg og nødavløpskulvert med utslepp i Skåldalselva.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 23. oktober 2020.

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under eller sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk ein eventuell e-post med referansenummer 2020/11100.

Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale