Søknad om endring av løyve ved Franzefoss Gjenvinning AS sitt anlegg i Øygarden


Høyringsfrist 23. oktober 2020 23:59

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Eide søkjer om å auke mottaket av slam frå 2000 til 3000 tonn. Frist for uttale er 23. oktober 2020. 

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Eide fekk løyve etter forureiningslova 19. november 2018. Dei har fått større pågang av slam enn forutsett, og søkjer no om endring av løyvet. 

Dei ynskjer ikkje andre endringar i eksisterande løyve enn auken frå 2000 til 3000 tonn slam årleg. 

Offentleg ettersyn

Sjå heile søknaden på høgre side. Høyringsfristen er 23. oktober 2020.

Merknadar til søknaden kan du legge inn i skjemaet under eller sende til fmvlpost@fylkesmannen.no. Merk ein eventuell e-post med referansenummer 2018/1077.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt navn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.

Uttale