Søknad om endring av løyve for Norsk Gjenvinning Metall AS i Arna


Høyringsfrist 23. oktober 2020 23:59

Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna søkjer om å kunne lagre inntil 50 tonn kasserte blybatteri. 

Verksemda fekk løyve 5. september 2019 etter forureiningslova til mottak og behandling av jern og metall, og mottak av EE-avfall. Verksemda fekk også løyve til mottak og behandling av inntil 4000 kasserte køyretøy. 

Endringa dei søkjer om no er å kunne ta mot, mellomlagre og vidaresende kasserte blybatteri. Dei søkjer om å kunne lagre inntil 50 tonn kasserte blybatteri. Total mengde kasserte blybatteri per år skal ikkje overstige 100 tonn. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 23. oktober 2020.

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk ein eventuell e-post med referansenummer 2019/886.

Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale