Søknad om løyve - anleggstiltak i sjø Ljøsøyna Øygarden


Høyringsfrist 21. august 2020 23:30

Equinor planlegg å etablera eit landanlegg for mottak og mellomlagring av CO2 ved Kollsnes Næringspark sør på Ljøsøyna i Øygarden kommune. Anleggsarbeid i sjø, knytt til tomteopparbeidinga av landanlegget, krev løyve etter forureiningslova. Frist for uttale er 21. august 2020.

Om løyvet

Landanleggets arealbruk er godkjend etter plan- og bygningslova. Fylkesmannens løyve vil gje vilkår for utføring av anleggsarbeid i sjø, slik at risiko for forureining og negativ påverknad vert akseptabel.

Om anleggsarbeida i sjø

Anlaggesarbeida i sjø omfattar mudring av ca. 40 000 m3 lausmassar i sjø, og utfylling i sjø av ca 700 000 m3 i Ljøsøybukta og Ljøsøysundet. Tiltaka er planlagd utførd frå januar 2021 til januar 2022. 

I indre del av Ljøsøysundet skal det etablerast nytt industriareal basert på utfylling i sjø, i samsvar med reguleringsplan. Alt av lausmassar som vert mudra skal plasserast og innkapslast i fyllingskonstruksjonen. Utfylling i Ljøsøybukta er knytt til etablering av djupvasskai.

Risiko for forureinig og forslag til avbøtande tiltak

Multiconsult, har på vegne av Equinor, utført risikovurdering av spreiing av forureining frå anleggstiltaka ut frå omsyn til naturverdiar og fiskeriinteresser. Dei har òg foreslått avbøtande tiltak og ein plan for overvaking og kontroll. 

Forslag til avbøtande tiltak er avstenging av Ljøsøysundet med siltgardin. Det vil også bli on-line måling av turbiditet i sjø både for tiltaka i Ljøsøysundet og Ljøsøybukta, med alarmgrenser for stans i arbeida.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 21. august 2020.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2020/8821.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale