Søknad om auka utslepp av avisingskjemikaliar på Flesland

Høyringsfrist 16. august 2020 23:59

Avrenningsretningar (prinsippskisse) ved Bergen lufthamn (grov inndeling) vist med pilar. Beige farge indikerer område med direkte avrenning til Raunefjorden. Plassering av avisingsområde og brannøvingsfelt (begge stengt/nedlagt) er óg vist.

Avinor ønsker å auke ramma for utslepp av kjemikal for avising av fly og bane på Flesland, tilsvarande eit samla KOF-utslepp på 637 tonn pr. år. Frist for merknadar er 16. august 2020. 

Dei vil óg utføre beredskapsøvingar og funksjonstestar av tilhøyrande utstyr med kjemikalieforbruk som følgje av pålegget om beredskap.

Offentleg ettersyn

Sjå heile søknaden på høgre sida. Høyringsfrist er 16. august 2020.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under eller sende til fmvlpost@fylkesmannen.no. Merk ein eventuell e-post med referansenummer 2019/2660.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale