Høyring av frivillig skogvern av Ospehaug i Fjaler kommune


Høyringsfrist 17. april 2020 23:58

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Ospehaug (tidlegare Bjordal) i Fjaler på høyring. Frist for uttale er 17. april.

Ospehaug i Fjaler kommune. Foto: Tore Larsen

Verneverdiar i Ospehaug

Tilbodsområdet gjeld eit skogområde som vart kartlagt av Biofokus i samband med frivillig skogvern. Området har kvalitetar knytt til eldre, dels høgproduktiv furuskog med innslag av død ved. At området har høgare bonitetar, er lokalisert i låglandet (under 100 m.o.h.) og er knytt til vatn og våtmark, gjer at Fylkesmannen vurderer området som verneverdig.

Innspel til oppstartsmeldinga

Vi meldte offisiell start av vernearbeid og fekk 4 innspel innan fristen. Ingen av innspela er kritiske til oppretting av Ospehaug naturreservat.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Fylkesmannen vurdere innspela og ta endeleg stilling til tilråding av vern til Miljødirektoratet. 

Du kan sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Frist for å kome med innspel er 17. april 2020

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om.  Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.