Høyring av frivillig skogvern av Geitanosi i Aurland kommune


Høyringsfrist 20. mars 2020 23:00

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Geitanosi i Aurland på høyring. Frist for uttale er 20. mars 2020.

Verneverdiar i Geitanosi

Verneforslaget gjeld eit skogområde som vart kartlagt av Biofokus i samband med frivillig skogvern, og Geitanosi vart vurdert som nasjonalt verneverdig. Gjennom kartlegginga er det mellom anna registrert bekkekløfter, rik edellauvskog med alm-lindeskog, gamal boreal lauvskog og fosseeng.

Innspel til oppstartsmeldinga

Vi meldte offisiell start av vernearbeid 3. desember 2019 og det har innan fristen 10. januar 2020, kome inn 6 innspel. Ingen av innspela er kritiske til oppretting av Geitanosi naturreservat.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Fylkesmannen vurdere innspela og ta endeleg stilling til tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi håpar på vernevedtak før sommaren 2020.

Du kan sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Frist for å kome med innspel er 20. mars 2020

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Grunneigarliste er teke ut i frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.